Lagdeling og klassar - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lagdeling og klassar

Korleis påverkar klasseskilje samfunnet vårt? Dette er noko av det du skal drøfte i denne oppgåva.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

I filmen Har vi klasser i dagens Norge? blir klassesamfunnet før og no diskutert, og kva for skilje vi har i samfunnet i dag. Sjå filmen før du jobbar med oppgåvene.

Oppgåver

  1. Kva er forskjellen på klasseskilja før og i dag? Ta gjerne utgangspunkt i dømet i filmen med gruvesamfunnet på Røros, eller kanskje har du døme i ditt eiget lokalsamfunn eller region?
  2. Gå ut på skulen eller på gata og spør folk om dei meiner vi har klassar i Noreg i dag. Spør gjerne folk i forskjellige arbeidsgrupper. Lag ein presentasjon av det du fann ut. Du kan filme eller ta bilete til presentasjonen din.
  3. Drøft påstanden " Å snakke om klasseskilje er tabu".
Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019