Oslo er byen med dei største sosiale forskjellane i Noreg. Ta T-banen frå Oslo aust til Oslo vest, og utforsk forskjellane mellom dei ulike bydelane i hovudstaden. Undersøk deretter dei sosiale forskjellane der du bur.
Er Oslo ein delt by? I desse oppgåvene skal du utforske dei sosiale forskjellane i Oslo og samanlikne dei med der du bur. Start gjerne med å sjå videoen til rapparen Don Martin (lengde 4:00). I songen skildrar han Oslo som ein delt by og syng om tilhøyrsla si til Oslo aust. Tittelen "Nilsen" referer til diktaren Rudolf Nilsen, visesongaren Lillebjørn Nilsen og rockemusikaren Joachim Nilsen, som alle kjem frå Oslo.
Bruk det interaktive karta på sida Ulikskaper i Oslo. Ein T-banetur fra Oslo vest til Oslo aust (envisio.no). Ta T-banen frå aust til vest i Oslo, og utforsk ulikskapar i inntekt og levekår. (Dersom du ikkje kan bruke det interaktive kartet, finn du ei oversikt over levekåra under oppgåvene. Der finn du òg ei lenkje for kvar stasjon til Google Earth dersom du vil utforske området nærare.)
Vel ut minst to ulike sosiale faktorar som er beskrivne på det interaktive kartet. Beskriv deretter konkret korleis desse sosiale faktorane endrar seg etter kvart som ein flytter seg frå aust til vest i Oslo
Kva trur du er dei viktigaste grunnane til at det er så store forskjellar mellom aust og vest i Oslo?
Kvifor trur du menneske med den same sosioøkonomiske statusen buset seg på den same staden?
Kva konsekvensar trur du den sosiale ulikskapen mellom Oslo aust og Oslo vest kan få for dei som bur i byen og for det norske samfunnet?
Utforsk ulike sider ved ulikskapen i Oslo og staden der du bur. Del klassen i grupper, fordel oppgåvene i dei klikkbare boksane under, og framfør resultatet for kvarandre. De kan òg velje ei av oppgåva kvar for dykk og svare på ho.
1. Bustadprisane i Oslo aust og Oslo vest
Ei årsak til ulikskapane i Oslo er forskjellar i bustadene og bustadprisane mellom Oslo aust og Oslo vest.
Finn to bustadannonsar for ein bustad på austkanten og ein bustad på vestkanten som liknar kvarandre i storleik. Samanlikn prisen mellom dei. Du kan til dømes bruke Finn eiendom (finn.no).
Korleis kan bustadprisane føre til skiljelinjer mellom aust og vest?
Ulikskapane i Oslo går langt tilbake i tid. Kva er dei historiske grunnane til at bustadene og bustadprisane er ulike på Oslo aust og Oslo vest?
Samanlikn tala du fann i oppgåve a med gjennomsnitts- eller medianinntekta i heile Noreg og den staden der du bur.
Basert på det du har funne ut, på kva måtar skil Oslo aust og Oslo vest seg ut frå resten av Noreg?
Diskuter årsakene til eventuelle forskjellar og likskapar mellom Oslo og andre delar av Noreg.
3. Innvandring i Oslo
Alle bydelane i Oslo har ein høgare andel innvandrarar enn gjennomsnittet i Noreg. Utforsk innvandringa ved hjelp av Oslo kommune sin statistikk over personar med innvandrarbakgrunn på sida under.
Undersøk kor stor andel innvandrarar dei ulike bydelane i Oslo har.
Undersøk kva område av verda innvandrarane kjem frå i dei ulike bydelane Oslo. Bruk Oslo kommune sin statistikk over personar med innvandrarbakgrunn.
Korleis kan innvandrarbefolkninga påverke dei kulturelle forskjellane mellom Oslo vest og Oslo aust?
4. Er Oslo ein delt by?
Ulikskapen i Oslo er eit politisk stridsspørsmål. Den venstreorienterte tankesmia Manifest har kalla Oslo ein delt by. Den høgreorienterte tankesmia Civita hevdar derimot at Oslo ikkje er ein delt, men ein samansett by, fordi forskjellane internt i dei ulike bydelane er så store.
Diskuter om det er riktig eller gale å kalle Oslo ein delt by ut frå det de har funne ut. Grunngi svaret.
Diskuter om vi bør ha meir eller mindre fokus på dei sosiale forskjellane i byar som Oslo. Er det naudsynt å ha fokus på forskjellane, eller kan det verke stigmatiserande?
Samanlikn eigarformene på Holmenkollen og Slemdal i bydel Vestre Aker i Oslo vest med Grønland i bydel gamle Oslo og Furuset i bydel Alna i Oslo aust. Kva er forskjellane?
Samanlikn butettleiken i Holmenkollen og Slemdal i bydel Vestre Aker i Oslo vest med Grønland i bydel gamle Oslo og Furuset i bydel Alna i Oslo aust. Kva er forskjellane?
Kva forskjellar finn du når det gjeld alkoholbruken i bydelane Alna og Gamlebyen i Oslo aust og bydelane Frogner og Vestre Aker i Oslo vest?
Kva forskjellar finn du når det gjeld hasjbruken mellom unge i bydelane Alna og Gamlebyen i Oslo aust og bydelane Frogner og Vestre Aker i Oslo vest?
Finn ut meir i media om rusmiddelbruken i Oslo aust og Oslo vest.
Diskuter kva som kan vere årsakene til forskjellane mellom Oslo aust og Oslo vest når det gjeld rusmiddel.
7. Kulturelle forskjellar i Oslo
Det er ikkje berre sosiale og økonomiske forskjellar mellom dei ulike delane av Oslo, men òg kulturelle forskjellar.
Finn nokre døme på kulturelle forskjellar med tanke på språk, musikk, klesstil og fritidsinteresser mellom Oslo aust og Oslo vest.
Diskuter kva som kan vere årsakene til at desse kulturelle forskjellane har utvikla seg.
Finn nokre døme på ulike medieframstillingar av kulturen i Oslo aust og Oslo vest i til dømes film, humorprogram eller TV-seriar. Kva vel dei ulike framstillingane å fokusere på?
Diskuter i kva grad media bidreg til å halde oppe og forsterke kulturelle stereotypiar mellom Oslo aust og Oslo vest.
8. Ulikskapen der du bur
Finn oversikt over sosiale og økonomiske forskjellar mellom kommunane eller bydelane der du sjølv bur. Bruk statistikk på nettsidene til kommunen eller eventuelt sidene under.