Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Kommunikasjon før og no

Korleis har kommunikasjonen vår endra seg i takt med den teknologiske utviklinga? Kva kjenneteiknar måten vi kommuniserer på i dag?

Kommunikasjon i endring

Sjå filmen under (lengde 4:07) og jobb med oppgåvene.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

  1. Lag ei tidslinje som viser dei viktigaste teknologiske oppfinningane som har forandra måten vi kommuniserer på. Bruk opplysningar frå filmen, og søk opp andre kjelder for å finne ut kvar og når oppfinningane kom.

  2. Lag ei liste over dei tre oppfinningane du meiner har ført til dei største endringane i måten vi kommuniserer på. Forklar kvifor du har valt desse tre.

  3. I filmen snakkar ein om at i dag er vi alle redaktørar. Finn ut kva som er forskjellen på redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medium. Diskuter om også enkeltpersonar har redaktøransvar for det dei publiserer i forskjellige kanalar.

  4. Kva slags ansvar har du og eg som publiserer ting på bloggar og sosiale medium? Klarer du å finne ut kva for lover ein må ta omsyn til når ein publiserer innhald på sosiale medium? Kan du til dømes legge ut bilete av andre personar utan samtykke? Kva for lover må dei redaksjonelle media ta omsyn til?
Skrive av Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 17.03.2026