Inkluderingsagentane
Diskuter i grupper:
- Kva utfordringar trur de mindreårige asylsøkjarar møter når dei kjem til Noreg?
- Korleis kan ein på best mogleg måte integrere mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg? Lag ei liste med minst tre konkrete forslag.
Sjå episode 1 av Inkluderingsagentene (lengde 5:02) og svar på spørsmåla under.
Kva er oppgåvene til inkluderingsagentane?
Korleis jobbar inkluderingsagentane i praksis for å skape inkludering?
Sjå episode 2 av Inkluderingsagentene (lengde 5:48) og svar på spørsmåla under.
Kva konsekvensar kan manglande integrering få?
Korleis kan fotball hjelpe ungdommane å bli betre integrerte? Kva andre aktivitetar forutan fotball trur du kan hjelpe asylsøkjarar å bli betre integrerte?
Sjå episode 3 av Inkluderingsagentene (lengde 4:54) og svar på spørsmåla under.
Kvifor kan det vere vanskeleg for asylsøkjarar å få vener og sosiale relasjonar til norske ungdommar?
Korleis kan ein få meir kommunikasjon og kontakt mellom norske ungdommar og mindreårige asylsøkjarar som kjem hit?
Sjå episode 4 av Inkluderingsagentene (lengde 3:47) og svar på spørsmåla under.
Korleis kan opplevingar som rafting og gåturar over Besseggen bidra til integrering?
Programleiaren seier til slutt at «integrering er inkludering». Forklar med eigne ord kva du trur han meiner med det.
I denne oppgåva skal du tenkje deg at du er ein inkluderingsagent og har ansvar for ein mindreårig asylsøkjar.
- Bestem alderen og kva land den mindreårige asylsøkjaren kjem frå. Bruk gjerne SSB til å sjekke kva land dei mindreårige asylsøkjarane har kome frå dei siste åra.
- Finn ut litt meir om landet og kulturen asylsøkjaren kjem frå, og beskriv kort bakgrunnen hans eller hennar.
- Beskriv kva utfordringar asylsøkjaren møter i Noreg.
- Reflekter over korleis du kan hjelpe han eller ho med å løyse utfordringane og bli integrert i det norske samfunnet.
Relatert innhald
Når to kulturar lever side om side, kan dei tilpasse seg kvarandre på fire ulike måtar: integrering, assimilering, segregering og marginalisering.
Kvifor bryt nokre menneske normer og reglar og endar opp i ytterkantane av samfunnet? Ulike teoriar om sosiale avvik og marginalisering gir ulike svar.