Fagstoff
Kva er ein case i sosiologi og sosialantropologi?
Ein case er eit tenkt døme eller eit døme henta frå røynda som kan brukast til å beskrive og studere ein situasjon.

Kva metodar er mest formålstenlege for å studere ulike casar?
Case i samfunnsvitskapen
Ofte blir case-døme brukte i oppgåver for å skape refleksjon og diskusjon om eit tema. I eit jobbintervju blir ein ofte presentert for ulike casar av arbeidsgivar for å simulere ulike typar situasjonar ein tilsett kan møte i stillinga. Bruk av casar i samfunnsvitskapen er ei form for øving på røyndomsnære situasjonar som ein kan møte, til dømes som sosiolog eller sosialantropolog.
Ein kan òg gjennomføre case-studiar i samfunnsvitskapen, der ein samanliknar ulike kasus (casar) med kvarandre (komparative case-studiar) eller undersøkjer eitt enkelt tilfelle i ein studie. Ein bruker ofte ein kombinasjon av kvalitative og kvantitative metodar i ein case-studie.