Kva er sosiologi og sosialantropologi?

Kva er sosiologi?
Ordet sosiologi er samansett av ord frå latin og gresk. Socius er latin for "kamerat", og det er opphavet til ordet societas, som betyr "samfunn". Frå gresk kjem ordet logos, som betyr "lære". På norsk kan sosiologi altså omsetjast med "læra om samfunnet".
Innhaldet i sosiologien er i hovudsak studiet av forholdet mellom individ og grupper av individ. Hovudtemaet i alle sosiologiske studiar kan derfor seiast å vere sosiale relasjonar eller sosiale samanhengar. Men sosiologien legg òg vekt på å beskrive og forklare verkelegheita, og derfor er metode ein sentral del av faget. Over tid har metoden blitt utvikla til ein viktig reiskap når vi skal skaffe oss ei mest mogleg objektiv beskriving av samfunnet.
Fordi menneska og reaksjonane og handlingane deira er eit resultat av historiske, kulturelle, økologiske, biologiske og psykologiske prosessar, kan vi vanskeleg gjennomføre ein sosiologisk analyse utan å ta omsyn til dette. Derfor har det utvikla seg grensevitskapar som ligg i området mellom sosiologi og dei andre fagområda, som til dømes religionssosiologi, kultursosiologi og språksosiologi.
Kva er sosialantropologi?
Sosialantropologien har mykje til felles med sosiologien. Opphavet er dei same to orda som i sosiologi, men i tillegg har sosialantropologien nok eit gresk ord med seg: antrophos, som betyr "menneske". Sosialantropologi betyr altså "læra om mennesket i samfunnet".
Likskapstrekk mellom sosialantropologi og sosiologi er at mange av dei temaa vi studerer, er like. Begge faga fokuserer på studiet av menneskeleg samhandling.
Det som er ulikt, er at i sosialantropologien har teoriane blitt nytta på samfunn som skil seg ut frå dei vestlege. Sosialantropologane er spesielt opptekne av korleis kultur er med og formar samfunn.
Eit anna skilje mellom faga er metodeval. Sosialantropologane bruker i stor grad feltarbeid som metode, fordi for å studere kultur og samfunn på nært hald må forskaren opphalde seg i det miljøet han eller ho skal studere.
Like fag?
Sjølv om sosiologi og sosialantropologi er to ulike fag med ulike tradisjonar, er nokre av forskjellane i ferd med å bli viska litt ut. Globaliseringa har ført til at kultur ikkje lenger berre er lokale fenomen. Dette har gjort at sosialantropologar ikkje utelukkande gjer feltarbeid i små, lokale kulturar, men òg studerer meir globale kulturelle fenomen ved hjelp av det som vanlegvis er sosiologiske metodar, som intervju, spørjeundersøkingar og statistikk. Det er òg vanleg i dag at sosiologar bruker sosialantropologiske metodar, som til dømes deltakande observasjon.
I filmen under (lengde 5:58) fortel sosialantropolog Viggo Vestel om tradisjonelle sosialantropologiske metodar og om eit forskingsprosjekt der han bruker intervju som metode.