Kva er arbeid? - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er arbeid?

Vi tenkjer ofte på arbeid som det å vere i ein jobb, og få lønn i form av pengar for arbeidet vi gjer. Dei fleste samfunn er tufta på dette byteforholdet, og det er som regel ei nødvendigheit for at samfunnet skal vareta både våre individuelle behov og samfunnet sine behov.

Kva er arbeid?

Dette er berre éin måte å sjå på «arbeid» på. Arbeid handlar også om aktivitetar som ikkje gir noko lønn i form av pengar, som til dømes husarbeid eller fiske og fangst til eige hushald. Og kva med «frivillig arbeid»? Mange oppgåver og aktivitetar blir drivne på dugnad eller frivillig basis, til dømes gjennom organisasjonar som jobbar med sosialt arbeid, kulturell verksemd og solidaritetsarbeid.

Den britiske sosiologen Anthony Giddens seier arbeid ikkje berre bør definerast som betalt arbeid, fordi det i moderne samfunn framleis eksisterer typar av arbeid som ikkje gir direkte betaling i form av pengar.

Likevel er betalt arbeid for dei fleste av oss ei nødvendigheit, ettersom det er fundamentalt for både livsopphald, relasjonar i livet vårt, og identiteten vår.

Du har kanskje sett program om menneske som vel å leve mest mogleg sjølvforsynt. Dei har som mål å leve mest mogleg uavhengig av samfunnsinstitusjonane, dyrke eigen mat, produsere eigen straum og i det heile tatt vere så uavhengig som mogleg. «Arbeid» handlar med andre ord også om verdiar, haldningar, miljø og berekraft. For dei fleste i slike sjølvforsyningshushald arbeider jo også, sjølv om dei kanskje ikkje har like mykje inntekt i form av ein lønningspose. Og framleis eksisterer det kulturar som lever som jegerar og sankarar – på same måte som forfedrane deira fleire hundre år tilbake.

Men dei fleste moderne samfunn er kapitalistiske, og har eit økonomisk system der arbeidstakarar blir lønna for arbeidskrafta si, gjennom sine respektive yrke.

«Arbeid» kan likevel også vere ikkje-betalt.

Kjenneteikn

Giddens[1] viser til at arbeid har visse kjenneteikn, som

  • inntektsgivande
  • utøving av aktivitet og ferdigheiter
  • variasjon, å gjere noko anna enn det ein gjer heime/i fritida
  • strukturering av tid, ein følelse av mål i kvardagen
  • sosiale relasjonar
  • personleg identitet

Arbeidssosiologi tar for seg sosiologiske perspektiv knytt til arbeid og arbeidsliv; som til dømes organisasjonstenking, globalisering og arbeidsliv, og kjønn og arbeidsliv.

Vi skal vidare sjå nærmare på kva for funksjonar arbeid har i samfunnet, og vi skal sjå på korleis arbeid kan tilfredsstille sentrale menneskelege behov.

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019