Forskingsprosessen – ei kort oversikt
Trinna i ein forskingsprosess
Filmen under (lengde 2:43) viser ei kort innføring i korleis ein forskingsprosess går føre seg. Under filmen finn du ei beskriving av prosessen delt opp i åtte trinn.
Her får du ei kort oversikt over dei ulike trinna i forskingsprosessen og lenkjer til artiklar der du kan finne meir informasjon om kvart enkelt trinn.
1. Vel tema
Først må du velje kva du vil forske på. Kva skal vere tema for undersøkinga? Vil du til dømes forske på kulturforskjellar, kriminalitet, sosialisering eller sosiale forskjellar?
2. Lag ei problemstilling
Bruk temaet ditt til å velje ei problemstilling. Ei problemstilling er eit grunngitt forskingsspørsmål. Det blir vanlegvis formulert som eit enkelt spørsmål, til dømes: "Korleis kan sosiale medium skape kroppspress?", "Kva er konsekvensane av mobbing?" eller "Kvifor blir jenter med hidsjab utsette for negative sosiale sanksjonar?"
Korleis lage ei god problemstilling (ndla.no)
3. Finn relevant bakgrunnsinformasjon
Bruk faglitteratur og kjelder på nett til å finne bakgrunnsinformasjon om problemstillinga di. Ver kritisk til den informasjonen du finn. Han må vere påliteleg og truverdig.
Kjeldeval og kjeldekritikk (ndla.no)
4. Vel forskingsmetode
Finn ut kva metode som passar best til prosjektet ditt. Kva framgangsmåte bør du velje for å få svar på problemstillinga di? Du kan anten velje ein kvalitativ metode, der du går i djupna på færre personar, eller ein kvantitativ metode, der du samlar inn meir avgrensa informasjon om fleire.
Korleis velje forskingsmetode (ndla.no)
5. Vel forskingsutval
Finn ut kven du skal forske på. Kva personar kan du undersøkje for å få svar på problemstillinga di? Når du vel ut deltakarar, må du vere medviten om kva framgangsmåte du bruker slik at utvalet ikkje blir skeivt og gir eit einsidig bilete av røynda.
Forskingsutval i kvalitative forskingsprosjekt (ndla.no)
Forskingsutval i kvantitative forskingsprosjekt (ndla.no)
6. Saml inn data
Gå ut i samfunnet og gjennomfør datainnsamlinga. Vel den innsamlingsmåten som i størst mogleg grad kan svare på problemstillinga di. Du kan til dømes bruke intervju, observasjonar eller dokumentanalysar.
Innsamling av kvalitative data (ndla.no)
Innsamling av kvantitative data (ndla.no)
7. Analyser og drøft dataa
Systematiser og tolk den informasjonen du har samla inn. Finn fram til mønster og samanhengar, og diskuter det du har kome fram til ved hjelp av relevant teori og tidlegare forsking.
Analyse og drøfting av kvalitative data (ndla.no)
Analyse og drøfting av kvantitative data (ndla.no)
8. Presenter forskingsprosjektet
Til slutt skal du formidle det du har kome fram til. Du kan skrive ein forskingsrapport eller gjennomføre ein forskingspresentasjon.