Den fjerde industrielle revolusjonen - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Den fjerde industrielle revolusjonen

I vår tidsepoke i industrialiserte land har vi no gått inn i ei tid som me kan kalle den fjerde industrielle revolusjonen.

Frå damp til kunstig intelligens

Den første industrielle revolusjonen kom med bruken av vasskraft og damp, og maskiner som damplokomotivet, frå om lag 1750. Den andre industrielle revolusjonen kom som følgje av at elektrisitet blei teke i bruk rundt midten av 1800-talet. Den tredje, på 1970-talet, kom då vi tok i bruk datamaskiner og elektroniske løysningar. Den fjerde og noverande er ei vidareutvikling av den tredje, men med teknologisk utvikling og oppfinningar på mange fleire område: robotar, automatisering, digitalisering, bioteknologi og kunstig intelligens (AI), for å nemne nokre.

Industri 4.0

Uttrykket "Industri 4.0" viser til korleis produksjon og arbeid har endra seg gjennom tid, fram til i dag. Enno veit vi ikkje korleis arbeidslivet vil endre seg som følgje av dette, sjølv om vi ser somme konsekvensar i samfunnet i dag i industrialiserte land. Det er peika på nokre moglege konsekvensar:

  • I nokre yrke blir arbeidstakarar overflødige. For nokre betyr dette arbeidsløyse.
  • Det er behov for fleire arbeidstakarar som er "spesialiserte" i enkelte fagfelt og yrke.
  • Enkelte hevdar vi har fått ei større gruppe "lausarbeidarar", det vil seie arbeidstakarar som er i vikariat og kortvarige tilsetjingsforhold, som må flytte dit jobbane er til kvar tid.
  • Skiljet mellom jobb og fritid blir viska ut, ny teknologi gjer at arbeidstakarar er tilgjengelege og "pålogga" hele døgeret.
  • Det er usemje om automatisering vil føre til auka arbeidsløyse eller auka sysselsetting.
  • Klasseskilja kan auke som følgje av forskjellar i utdanningsnivå og inntekt.
  • Organisasjonar og bedrifter må organisere seg på andre måtar enn dei opphavlege og tradisjonelle måtane. For somme organisasjonar betyr det til dømes ein flatare struktur.
  • Større fokus på berekraftig produksjon.
  • Delingsøkonomi som forretningsmodell har auka i stor grad dei seinare åra, blant anna som følgje av teknologi. Tenk på korleis til dømes AirBnB fungerer, der handelen skjer via internett og mellom privatpersonar. Det er omdiskutert om delingsøkonomi er positivt eller ikkje.

I tillegg kan det vere nyttig å sjå på samanhengar mellom produksjon, arbeidsliv og globalisering. Sjølv om "Industri 4.0" i stor grad handlar om produksjon og arbeidsliv, så står jo ikkje dette som ein eigen isolert del i eit samfunn. Tvert imot påverkar alle bitane i eit samfunn kvarandre: korleis vi lever, kvar vi lever og kva vi produserer. Somme vil hevde at globalisering medfører at vi blir meir "like" og at vi har meir til felles. Andre vil hevde at globalisering skaper større forskjellar og konflikt.

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019