Risikovurdering av Melodi Grand Prix - Sikkerheit (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Risikovurdering av Melodi Grand Prix

I denne oppgåva skal klassen din vurdere tryggleiken rundt avviklinga av ein delfinale i Melodi Grand Prix.

Tenk deg at du er elev ved Thor Heyerdahl vidaregående skole i Larvik. Arena Larvik – som ligg vegg i vegg med skulen – skal arrangere éin av tre delfinalar i Melodi Grand Prix. Du og klassen din skal vere frivillige vakter under arrangementet. Som ein del av førebuingane til det ber læraren dykk om å gjennomføre ein risikoanalyse for arrangementet.

De skal gjennomføre ein risikoanalyse etter denne oppskrifta:

  1. Kartlegg uønskte hendingar.
  2. Vurder sannsynet for at den uønskte hendinga skal skje.
  3. Vurder konsekvensane av den uønskte hendinga dersom ho skulle skje.
  4. Beskriv risikonivået.
  5. Foreslå sikringstiltak (tiltaksplan).

Oppgåva kan enten leverast som ein rapport i Word til læraren, eller ho kan framførast ved hjelp av PowerPoint.

Uansett kva presentasjonsform de vel, er det viktig å bruke eit skjema for risikovurdering som har gode skildringar av sannsyn og konsekvens for alle dei uønskte hendingane.

I den relaterte artikkelen nedst på sidan kan du friske opp kunnskapane om korleis du gjennomfører ein risikoanalyse.

Relatert innhald

Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021