Kameraovervaking og personvern - Sikkerheit (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kameraovervaking og personvern

Kameraovervaking kan vere utfordrande med omsyn til personvernet. Det er derfor strenge reglar for bruk av kameraovervaking.

Kameraovervaking

Kameraovervaking kan kjennast ubehageleg og føre til avgrensingar for korleis vi bevegar oss i samfunnet. Før vi innfører kameraovervaking, skal vi først ha vurdert alle andre moglege tiltak.

Det er klare reglar for kva og korleis vi kan overvake. Arbeidsgivar har til dømes ikkje høve til å innføre hemmeleg kameraovervaking på arbeidsplassen. Om ei bedrift overvaker inngangspartiet sitt, må dei sjå til at kameraet ikkje filmar offentlege rom.

Varsling og skilting

All overvaking skal varslast, slik at alle som blir overvakte, blir gjorde merksame på at dei blir overvakte. Varsling skjer som oftast ved hjelp av skilt.

Skilting av område som er kameraovervakte, må vere på plass før vi monterer opp kameraa. Skilta må vere lett synlege, med ein skriftstorleik som gjer dei lette å lese.

Skilta skal innehalde informasjon om kven som er ansvarleg for overvakinga, og kva type overvaking det er. Blir det til dømes teke opp lyd, må vi opplyse om dette på skiltet.

Lagring av film og bilete

Opptak med film og bilete skal i utgangspunktet bli fortløpande sletta, seinast innan sju dagar. Ved mistanke om ei kriminell hending kan opptak lagrast så lenge som er nødvendig for å oppklare, politimelde eller fremje eit rettskrav.

Relatert innhald

Skrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021