De har ansvaret for sikkerheita!
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Oppgåve
Ta utgangspunkt i at seminaret skal gå føre seg på dykkar eigen skule.
Bruk litt tid på å leggje eigne føresetnader til grunn for storleiken på arrangementet. Det er eit avgrensa tal på parkeringsplassar, og det er berre inviterte gjestar som får kome. Nokre politikarar er redde for at det skal bli demonstrasjonar.
Lag ein risikoanalyse.
Beskriv korleis de vil løyse utfordringane med parkering og inngangskontroll.
Lag ein plan for evakuering.
Relatert innhald
I ein risikoanalyse kartlegg bedrifta ulike uønskte hendingar som kan inntreffe.
I samband med arrangement er det viktig at sikkerheita blir vareteken på ein god måte.