Datatilsynet - Sikkerheit (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Datatilsynet

For å passe på at personopplysingslova blir følgd, har styresmaktene oppretta eit eige uavhengig tilsyn kalla Datatilsynet.

Fordalene med at Datatilsynet er uavhengig, er at heller ikkje regjeringa, departementa eller politikarar kan styre eller gjere om dei avgjerdene Datatilsynet tek. Dermed kan Datatilsynet også passe på at heller ikkje styresmaktene registrerer personopplysingar dei ikkje har lov til å registrere.

Oppgåvene til Datatilsynet er

  • å kontrollere at lover og forskrifter for behandling av personopplysingar blir følgde, og at feil og manglar blir retta
  • å halde seg orientert om nasjonal og internasjonal utvikling når det gjeld behandling av personopplysingar
  • å identifisere farar for personvernet og gi råd om korleis ein kan unngå eller avgrense farane
  • å vere høyringsinstans i saker som handlar om personvern
  • å delta i råd og utval, hjelpe bransjeorganisasjonar med å gi råd og utarbeide normer for å sikre personopplysingar i verksemdene
  • å stimulere til å opprette personvernombod og byggje kompetanse hos omboda
  • å ha ei ombodsrolle mot publikum og gi råd og informasjon
  • å få viktige saker på dagsordenen i media og bidra til samfunnsdebatt om personvern

Relatert innhald

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.11.2018