Korleis lære seg fagomgrep?

Kva er eit fagomgrep?
Kva er eit fagomgrep, og kva kan du gjere for å avklare slike omgrep når du møter dei? Her skal vi vise deg korleis du kan arbeide med omgrep. Vi bruker omgrepet fagomgrep som døme.
Slå opp i ordbok
Språkrådet si ordbok på nett er ein fin stad å begynne. Om du slår opp ordet fagomgrep i ordboka på nett, får du definisjonen der. Dei aller fleste orda som er i brukte i det norske språket, finst i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
Om du ikkje får opp ei forklaring på eit ord, er det fleire moglege årsaker til det:
- Du har skrive det feil.
- Du kan ha slått opp eit bokmålsord i nynorskordboka, eller motsett.
Det kan vere eit samansett ord som ikkje er registrert.
omgrep (1) innanfor eit fagområde
Døme: teksten inneheld mange fagomgrep
Gå i djupna
Av og til kan den korte definisjonen ikkje gi deg nok informasjon. Då må du ta det eit steg vidare. I dette tilfellet ser vi at fagomgrep er eit samansett ord. Då hjelper det å dele det opp, slik du ser i dømet over. Kvar del av ordet har ei lenke til ei ny forklaring. Då går du inn og les på desse forklaringane. Søker du på eit samansett omgrep som ikkje gir treff i ordboka, deler du det opp og søker på kvart ord for seg.
Undersøk korleis omgrepet blir brukt av andre
Ei forklaring frå ordboka er altså ikkje alltid nok til å forstå omgrepet så godt at vi sjølv kan bruke det. Kva kan vi gjere då?
Ein fin måte å forstå eit omgrep på er å sjå korleis det blir brukt i ulike samanhengar.
Kan du hugse å ha høyrt ein lærar i faget bruke omgrepet? Eller kanskje du har sett det bli brukt i lærebøker? Spør ein lærar om hen kan gi eit døme på korleis hen bruker omgrepet. Du kan òg leite etter omgrepet i fagtekstar og skrive ned ei setning der det er i bruk.

Betyr omgrepet noko anna på andre fagområde?
Nokre fagomgrep har ulike betydningar i ulike samanhengar. Når vi slår opp identitet i Store norske leksikon, kjem det opp fleire artiklar som viser at dette fagomgrepet blir brukt ulikt på ulike fagområde. Prøv sjølv, og legg merke til kor ulikt ordet er brukt i dei to fagområda matematikk og psykologi.
Bruk omgrepet sjølv
Det siste steget for å verkeleg forstå eit fagomgrep er å bruke det sjølv. Ei fin øving er å forklare omgrepet til ein medelev, for då blir det med ein gong tydeleg kva for sider ved det som er uklart for deg, og som må avklarast endå tydelegare.
No kan du bruke omgrepet i diskusjonar og oppgåver der det er relevant. Sjølv om det er viktig å kunne forklare omgrep med kvardagsspråk, er det òg viktig å bruke fagspråket sitt. Det er fordi du då får kopla på fagkunnskapen din. Når du vekslar mellom kvardagsspråk og fagspråk, får du knytt teoretisk kunnskap til eigne erfaringar.
Oppsummering
- Søk opp omgrepet i ei ordbok.
- Viss ordet er samansett, kan du søke på enkeltorda for seg.
- Søk opp omgrepet i Store norske leksikon.
- Leit etter omgrepet brukt i fagstoff.
- Spør lærarane korleis dei ville ha brukt omgrepet, og legg merke til når dei bruker det i undervisninga.
- Bruk omgrepet sjølv: Forklar ein venn kva det betyr, og bruk det i diskusjonar og oppgåver der det er relevant.
Relatert innhald
Nettside hos ordbokene.no
Speed-dating-oppgåve der du må undersøkje og lære fagomgrep frå programfaga dine.