Oppgåve
Beredskapsplanen i praksisbedrifta di
Har du sett beredskapsplanen til praksisbedrifta di? Dette er ein plan som seier kva som skal gjerast om ei uønskt hending skjer. Som tilsette må vi vere kjende med innhaldet i planen, slik at vi veit kva vi skal gjere.

Ein plan for beredskapsøvingar inngår i beredskapsplanen.
Oppgåve
Be om å få sjå beredskapsplanen til praksisbedrifta. Du kan òg snakke med verneombodet eller ein tilsett som er ansvarleg for HMS-arbeidet i bedrifta.
Beskriv beredskapsplanen kort. Kva er hovudpunkta?
Er det ei planteikning over bygningen eller kontora i beredskapsplanen?
Er nødutgangane beskrivne?
Kven er med i beredskapsorganisasjonen? Korleis er ansvar og oppgåver fordelt?
Er det beskrive kvar dei tilsette kan finne førstehjelpsutstyr, brannvernsutstyr eller liknande?
Er telefonnummeret til nødetatane med? Er det beskrive korleis bedrifta skal samarbeide med nødetatane?
Er det ein plan for beredskapsøvingar, til dømes brannøvingar?
Kva synest du om beredskapsplanen til bedrifta i forhold til det du har lært på skulen?