Utfordringane i demokratiet

Oppgåve 1: Å vere i mindretal
Drøft følgjande spørsmål. Bruk nokre minutt på skrive ned nokre stikkord for deg sjølv før de diskuterer i grupper.
- Kvifor trur du det kan vere vanskeleg for ein minoritet å få fram meiningane og behova sine i eit demokrati?
- Kan du komme på døme på nokon grupper som ikkje blir høyrde? Kva kan dei i så fall gjere for å bli høyrde?
- Korleis bør eit demokrati leggje til rette for at minoritetar skal komme til orde?
- Klarar du å finne døme der majoriteten i eit land er dei som ikkje blir høyrde, og at det er minoriteten som styrer?
Oppgåve 2: Kommunesamanslåingar
1.1.2020 vart det gjennomført ei rekkje kommunesamanslåingar i Noreg. Mange kommunar har no altså vorte større. Diskuter om dette er til det betre eller verre for lokaldemokratiet.
Oppgåve 3: Demokrati under press?
I eit demokrati har vi folkestyre. Det vil seie at representantar som skal styre landet er valde av folket, og at folket sjølv kan delta i politiske parti, organisasjonar og interessegrupper.
- Les artikkelen "Hvordan står det til med demokratiet? fra NUPI skole. Finn ut kva kjenneteikna på eit liberalt demokrati er.
Kan eit land vere demokratisk sjølv om det ikkje er eit liberalt demokrati?
I lenken demokratiindeksen fra World Population Review når du scroller deg nedover, kan du sjå land med illiberalt demokrati (flawed democracies)Vel deg eit av landa som blir nemnde som illiberale demokrati og undersøk kva slags endringar som har skjedd i dette landet som gjer at demokratiet der er under press.
Relatert innhald
I løpet av dei siste 50 åra har det gått ei demokratiseringsbølgje over verda. Dei fleste landa i verda kallar no seg sjølv demokratiske.