Styreformer
Styreform betyr korleis noko blir styrt. Kven har makt til å påverke og bestemme? Korleis blir denne makta brukt? Her skal vi sjå på styreformer på nasjonalt nivå, det vil seie korleis staten styrer i ulike land. Når du skal forstå styreforma i eit land, kan det vere nyttig å ta for seg følgande spørsmål:
Har folket makt og påverking på politikken i landet? Er det demokrati eller diktatur?
Kven har den formelle øvste makta, og korleis blir dette bestemt? Er det monarki eller republikk?
Kor mykje makt har staten i forhold til lokale styresmakter? Er det ein einingsstat eller ein føderasjon? Det finst tallause måtar å styre eit land på.
I eit demokrati er folket med på å styre landet, mens i eit diktatur er landet styrt av ein person eller ei mindre gruppe. Det er ikkje nødvendigvis slik at eit land anten er eit demokrati eller eit diktatur. Demokrati og diktatur kan heller forståast som to ytterpunkt på ein skala. I dei mest demokratiske landa har folket mykje makt. I dei mest diktatoriske landa har folket ingen innverknad på korleis landet blir styrt. Der ligg mykje makt hos ein enkelperson eller ei lita gruppe.
Demokrati-indeksen
Det er fleire måtar å måle graden av demokrati på. Eit slikt mål blir kalla ein demokrati-indeks. Ein av dei mest kjende demokrati-indeksane er utarbeidd av tidsskriftet The Economist. Denne indeksen bruker ein skala frå 1 til 10 der 10 er mest demokratisk. I The Ecomomists måling frå 2022 var Noreg det mest demokratiske landet i verda med ein skåre på 9,8. Afghanistan var verdas minst demokratiske, med ein skåre på 0,3.
Du finn heile lista frå FN her: Demokrati-indeksen
Demokrati
Demokrati betyr folkestyre. Det finst to ulike måtar å la folket styre på:
- Direkte demokrati
- Folkete stemmer direkte over konkrete politiske saker. Eit døme er folkeavstemmingar.
- Indirekte demokrati
- Folkete stemmer på personar eller parti som dei vil skal styre på deira vegner (også kalla representativt demokrati). Dette er den vanlegaste forma for demokrati i dag. Presidentval er eit døme på indirekte demokrati, det norske stortingsvalet eit anna.
Det er ikkje berre det at folket kan stemme ved politiske val som avgjer om eit samfunn kan kallast demokratisk. Andre kjenneteikn på eit moderne demokrati er at ein også har rettar som ytringsfridom, religionsfridom, likestilling, rettstryggleik og at det er lite korrupsjon.
Diktatur
Når svært mykje makt samlast hos éin eller nokre få personar, er det rett å kalle det eit diktatur. I eit diktatur har ikkje folket noko skikkeleg høve til å påverke politikken i landet, og ofte får dei ikkje lov til å seie kva dei meiner. Typisk for diktatur er at dei har avgrensa personleg fridom, lite ytringsfridom, mykje korrupsjon, store sosiale forskjellar og bruk av vald for å kontrollere befolkninga.
Dei fleste landa i verda i dag kallar seg demokratiske, sjølv om mange av dei ikkje er det. Nokre diktatur kan til dømes arrangere val, men desse er ikkje frie og rettferdige. I Kina blir det gjennomført politiske val på lokalt nivå, men det er i praksis berre eit parti som styrer landet. Dei siste åra har dessutan stadig meir makt blitt lagd til president Xi Jinping. Derfor er det rett å kalle Kina eit diktatur.
Eit monarki er eit land der den formelle leiaren ikkje er vald av folket, men har arva posisjonen sin eller har blitt vald av ei lita gruppe av overklassen. Republikkar er land der øvste formelle leiar ikkje er ein slik monark. Både i monarki og republikkar er det stor variasjon i kor mykje makt denne leiaren har i praksis.
Monarki
Monarki blir leidde av ein monark. Monarken kan ha ulike titlar, til dømes konge/dronning, fyrste/fyrstinne, keisar/keisarinne, sultan eller emir. Det er stor forskjell på kor mykje politisk makt ein monark har. Kongen er formelt sett Noregs øvste leiar, men i praksis er det Regjeringa og Stortinget som tek alle politiske avgjerder.
Dagens monarki kan delast i to typar:
- Konstitusjonelt monarki
- Monarkens makt er avgrensa av ei grunnlov (konstitusjon). Dette fekk vi i Noreg i 1814. Frå då av har Noreg vore både eit monarki og eit demokrati. Dei aller fleste av monarkia i verda i dag er konstitusjonelle.
- Einevelde
- Monarken har meir eller mindre uavgrensa makt. Eit einevelde er både eit diktatur og eit monarki. Saudi-Arabia eit av få døme på eineveldige monarki i dag.
Republikk
Ein republikk blir gjerne definert som det motsette av eit monarki – altså ein stat som ikkje har ein monark som øvste leiar. Dette vil som regel seie at rolla som statsleiar ikkje går i arv, i motsetning til i dei fleste monarki. I mange republikkar har den øvste formelle leiaren tittelen president. På same måte som i monarki kan republikkar vere demokrati eller diktatur. Makta til presidenten varierer mykje frå land til land.
- Presidentsystem
- Presidenten er i nokre land leiar for regjeringa, på same måte som statsministeren i Noreg. Då har presidenten meir politisk makt. Dette gjeld mellom anna i USA. Her blir presidenten vald i eit eige presidentval.
- Parlamentarisk republikk
- Nokre republikkar har eit parlamentarisk system der fleirtalet i parlamentet bestemmer kven som skal danne regjering. I desse landa har presidenten ei meir symbolsk rolle. Dette gjeld til dømes Tyskland, Island, Italia, India og Pakistan. Denne forma for republikk liknar ein del på det norske systemet, bortsett frå at dei har ein vald president i staden for ein monark som har arva tittelen sin.
Makta til staten kan variere mykje frå land til land. I enkelte land bestemmer staten det meste, mens andre stader er det meir sjølvstyre på lokalt nivå. Dei to styringsformene blir kalla einingsstat og føderasjon.
Einingsstat
I Noreg har staten politisk makt over det aller meste. På nokre område er makta gitt vidare til lokale styresmakter, det vil seie fylke og kommunar. Dette blir kalla ein einingsstat. Eit norsk fylke kan til dømes ikkje legalisere marihuana eller forby abort.
Føderasjon
I føderasjonar (også kalla forbundsstatar) er det omvendt. Dei består av meir eller mindre sjølvstyrte delstatar som har gitt styresmakt over enkelte politiske område til staten. USA og Tyskland er døme på dette. I slike føderasjonar har staten som regel ansvar for mellom anna utanrikspolitikk, forsvarspolitikk og enkelte lover som gjeld heile landet. Derfor varierer det frå delstat til delstat i USA om til dømes marihuana eller abort er lovleg.
Relatert innhald
Demokrati betyr folkestyre. Men kva vil det seie at eit land er demokratisk? Er det nok at alle har stemmerett, eller handlar det om litt meir?