Regjeringa - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Regjeringa

Etter eit stortingsval er det formelt sett kongen som peiker ut kven som skal danne regjering. Den som leier ei regjering, kallar vi statsminister. Statsministeren peiker ut kven som skal sitje i regjeringa. Medlemmene av regjeringa kallar vi statsrådar eller ministrar – orda har same betydning.

Kvar statsråd har ansvar for eit fagområde, eit departement. Utanriksministeren er til dømes leiar for Utanriksdepartementet, fiskeriministeren er leiar for fiskeridepartementet og så vidare.

Regjeringa styrer landet, set i verk dei lovene som Stortinget vedtek og foreslår eit statsbudsjett for det komande året. Eit slikt budsjett fortel noko om kva inntekter regjeringa ventar seg, og om kva utgifter regjeringa prioriterer i det komande året. Regjeringa møtest til vanleg kvar fredag kl. 10.00 hos Kongen i statsråd. Her signerer kongen dei lovene regjeringa har vedteke og andre vedtak som regjeringa har gjort. Ei regjering styrer i éin valperiode (fire år), med mindre Stortinget ikkje aktivt røystar for at dei ikkje lenger har tillit til regjeringa.

Fire typar regjering

Fleirtalsregjering og mindretalsregjering

Ei regjering kan berre gjennomføre politikken sin dersom det er fleirtal i Stortinget for forslaga deira. Regjeringa kan anten vere ei mindretalsregjering eller ei fleirtalsregjering. Fleirtalsregjering er den enklaste modellen. Det inneber at det partiet eller dei partia som dannar regjering, har meir enn halvparten av representantane på Stortinget. Regjeringa kan då lett få fleirtal for politikken sin. Den raudgrøne regjeringa som styrte Noreg frå 2005 til 2013, er eit døme på ei slik regjering.

Ei mindretalsregjering har mindre enn halvparten av stortingsrepresentantane bak seg. Det vil seie at regjeringa må søkje støtte hos opposisjonspolitikarane på Stortinget for å få fleirtal for dei forslaga dei ønskjer å få igjennom. I praksis vil det ofte seie at det er vanskelegare å få sakene igjennom i Stortinget, og at regjeringspartia må forhandle med andre parti frå sak til sak.

Regjeringa Solberg, som satt i perioden 2013-2021, er eit døme på ei mindretalsregjering. I starten bestod denne regjeringa av Høgre og Framstegspartiet. Dei hadde ein samarbeidsavtale med støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre. Seinare har begge støttepartia vorte med i regjeringa. Frå januar 2019 var alle dei fire partia med i regjeringa, som då vart ei fleirtalsregjering. Dette varte til Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa i januar 2020.

Regjeringa Støre (2021-d.d), som består av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, er og eit døme på ei mindretallsregjering.

Regjeringar som er avhengige av andre parti på Stortinget på denne måten, er mindre sterke enn regjeringar som har eit fleirtal av stortingsrepresentantane bak seg. Tilsvarande har Stortinget meir makt når regjeringa er ei mindretalsregjering.

Eittpartiregjering og koalisjonsregjering

I 1950-åra danna Arbeidarpartiet, under leiinga av Einar Gerhardsen, regjering utan samarbeid med andre parti. Ei slik regjering kallar vi eittpartiregjering. Etter dette har ikkje noko enkelt parti hatt fleirtal bak seg på Stortinget åleine. Når fleire parti går saman om å danne regjering, kallar vi det koalisjonsregjering. Etter 2001 har Noreg berre hatt koalisjonsregjeringar. I ein koalisjon skal ulike parti med ulik politikk prøve å bli einige. Det skjer vanlegvis i forhandlingar som fører fram til ei samarbeidserklæring, som ligg til grunn for det komande regjeringsarbeidet.

Relatert innhald

Fagstoff
Stortinget

Stortinget er Noregs nasjonalforsamling og det øvste folkevalde organet vårt.

Skrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022