Oppgåve
Regjeringa og Stortinget
Kva er forskjellen på Regjeringa og Stortinget? Kven er det eigentleg som bestemmer?

Statsminister Erna Solberg på veg opp til talarstolen på Stortinget for å gjere greie for regjeringa si samansetning 28. januar 2020. Statsministeren sit ikkje på Stortinget. Kvifor ikkje?
- Finn ut: Kva er Stortinget sine oppgåver?
- Finn ut: Kva er Regjeringa sine oppgåver?
- Finn ut: Korleis blir ei lov til? Beskriv saksgangen frå forslag og til lova er vedteken og teken i bruk.
Forklar med eigne ord kva som er forskjellen mellom Regjeringa og Stortinget.
I dag (september 2026) er det kun Arbeidarpartiet som sitt i regjering. Det er ei ettpartiregjering, men og ei mindretalsregjering. Kva tyding har dette for maktforholdet mellom Stortinget og Regjeringa?
- Kven har mest makt: Stortinget eller Regjeringa? Diskuter i klassen eller med ein medelev.