I samfunnsfaget lærer du om demokrati og medborgarskap. Alle individar i eit demokrati har ytringsfridom, men somme stemmer er tydelegare enn andre: Dei bestemmer kva som er viktig, og dei har stor innverknad på korleis du oppfattar ei sak. Dette gjeld også i klimadebatten.
Fag
Læringssti
Kan ein 16-åring redde klimaet?
Laga av Thomas Bedin, Inga Berntsen Rudi, Marion Federl, Sonja Nygaard Joki, Albertine Aaberge og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 06.08.2025
Oppgåve
Definisjonsmakt?
Den svenske tenåringen Greta Thunberg har fått mykje merksemd for engasjementet sitt for klimasaka. Her vil vi at du skal diskutere definisjonsmakt, og korleis ein enkeltperson kan setje dagsorden.

16 år gamle Greta Thunberg snakkar under ein paneldebatt på toppmøtet i World Economic Forum i Davos, januar 2019.
Definisjonsmakt
Dei nye kjerneelementa for samfunnskunnskap seier blant anna at elevane skal forstå kven som har definisjonsmakt over dei.
- Kva er definisjonsmakt, trur du?
- Kan du gi døme på nokon som har definisjonsmakt?
Tips: Her kan du tenkje både lokalt, nasjonalt og globalt, og finn gjerne fleire døme.
Kan ein 16-åring setje dagsorden?
- Finn ut korleis Greta Thunberg først fekk merksemd.
- Korleis kan dette ha ført til at ho no er verdskjent?
- Diskuter to eller tre saman: Kva skal til for at ein 16-åring kan setje dagsorden på denne måten og påverke så mange?
Kanalar for påverknad
Thunberg har brukt aksjonskanalen.
- Kva for andre kanalar for påverknad har vi?
- Og kva for kanalar ville du brukt for å jobbe for noko du trur på og er oppteken av?