Prøv å formulere dine eigne tankar om klimaendringar før du startar arbeidet med fagstoffet.
Fag
Læringssti
Kan ein 16-åring redde klimaet?
Laga av Thomas Bedin, Inga Berntsen Rudi, Marion Federl, Sonja Nygaard Joki, Albertine Aaberge og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 06.08.2025
Oppgåve
Kan ein 16-åring redde klimaet?
Prøv å svare på spørsmålet i tittelen. Trur du svaret er ja eller nei?
Trur du at ein 16-åring kan redde klimaet?
Klassen deler seg opp etter kva for svar de vil gi:
- Dei som vil svare ja, går til eitt hjørne i klasserommet.
- Dei som vil svare nei, går til eit anna hjørne.
- Dei som ikkje veit, går til eit tredje hjørne.
- Dei som vil svare ja, går til eitt hjørne i klasserommet.
- I kvart hjørne: Grunngje for kvarandre kvifor de valde å svare høvesvis ja, nei og veit ikkje.
- Éin frå kvart hjørne legg fram argumenta frå gruppa si. Lar du deg overtyde av det dei andre gruppene seier, så byt hjørne.
- Dukka det opp spørsmål då de argumenterte? Skriv dei ned. Kanskje finn du svara når du jobbar vidare med tverrfaglege oppgåver om klima og klimadebatten.