Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Digitale spor og personvern

Oppgåve
Video

Korleis ha det bra på sosiale medium?

Sosiale medium kan vere både heilt fantastisk og heilt forferdeleg. Korleis kan du få meir av det positive og mindre av det negative?

Positive og negative sider ved sosiale medium

Sjå filmen (lengde 3:23) og jobb med oppgåvene under.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

1. Din bruk av sosiale medium

Jobb individuelt og lag to lister med fem ting som er positive med din bruk av sosiale medium, og fem ting som er negative. Skriv ned noko du kan gjere på kvart punkt for å få meir av det positive og mindre av det negative. Det er viktig at du tek utgangspunkt i din eigen bruk av sosiale medium, men du kan sjølvsagt bruke filmen som inspirasjon.

Du kan setje opp listene i to tabellar på denne måten:

Positive sider ved min bruk av sosiale medium

Beskriving av den positive sida

Kva kan eg gjere for å få meir av dette?

1

2

3

4

5

negative sider ved min bruk av sosiale medium

Beskriving av den negative sida

Kva kan eg gjere for å få mindre av dette?

1

2

3

4

5

2. Snakk saman om sosiale medium

Set dykk to og to og snakk saman med utgangspunkt i spørsmåla under.

  • Kva er det beste med sosiale medium? Del nokre eigne erfaringar.

  • Kva er det verste med sosiale medium? Del nokre eigne erfaringar.

  • Er det eit alternativ å ikkje ha sosiale medium? Kvifor? Kvifor ikkje?

  • Kva er det beste de har gjort tidlegare for å ha det bra på sosiale medium?

  • Kva er det viktigast de kan gjere vidare framover ha det bra på sosiale medium?

  • Er det noko de kan gjere allereie i dag for å ha det bra på sosiale medium?

3. Del i plenum

Ta ei felles oppsummering i klassen av det de har diskutert, og del gode tips til kva vi kan gjere for å gjere livet med sosiale medium bra.

4. Tre tiltak

Set opp ei liste for deg sjølv med tre konkrete ting du vil gjere for å gjere livet ditt på sosiale medium bra.

Tips

Bli gjerne einige i klassen om eit tidspunkt då de kan ta dette temaet opp igjen, for å sjå om de klarte å følge opp tiltaka.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 27.02.2026