Korleis ha det bra på sosiale medium?
Positive og negative sider ved sosiale medium
Sjå filmen (lengde 3:23) og jobb med oppgåvene under.
1. Din bruk av sosiale medium
Jobb individuelt og lag to lister med fem ting som er positive med din bruk av sosiale medium, og fem ting som er negative. Skriv ned noko du kan gjere på kvart punkt for å få meir av det positive og mindre av det negative. Det er viktig at du tek utgangspunkt i din eigen bruk av sosiale medium, men du kan sjølvsagt bruke filmen som inspirasjon.
Du kan setje opp listene i to tabellar på denne måten:
Beskriving av den positive sida | Kva kan eg gjere for å få meir av dette? | |
|---|---|---|
1 | ||
2 | ||
3 | ||
4 | ||
5 |
Beskriving av den negative sida | Kva kan eg gjere for å få mindre av dette? | |
|---|---|---|
1 | ||
2 | ||
3 | ||
4 | ||
5 |
2. Snakk saman om sosiale medium
Set dykk to og to og snakk saman med utgangspunkt i spørsmåla under.
Kva er det beste med sosiale medium? Del nokre eigne erfaringar.
Kva er det verste med sosiale medium? Del nokre eigne erfaringar.
Er det eit alternativ å ikkje ha sosiale medium? Kvifor? Kvifor ikkje?
Kva er det beste de har gjort tidlegare for å ha det bra på sosiale medium?
Kva er det viktigast de kan gjere vidare framover ha det bra på sosiale medium?
Er det noko de kan gjere allereie i dag for å ha det bra på sosiale medium?
3. Del i plenum
Ta ei felles oppsummering i klassen av det de har diskutert, og del gode tips til kva vi kan gjere for å gjere livet med sosiale medium bra.
4. Tre tiltak
Set opp ei liste for deg sjølv med tre konkrete ting du vil gjere for å gjere livet ditt på sosiale medium bra.
Tips
Bli gjerne einige i klassen om eit tidspunkt då de kan ta dette temaet opp igjen, for å sjå om de klarte å følge opp tiltaka.