Oppgave
Kven påverkar sjølvtilliten din?
Vi utviklar identiteten vår i møte med andre, men det er lett å argumentere for at sjølvtilliten vår også blir påverka gjennom sosialisering på forskjellige arenaer.
Sosialisering er ein prosess der vi utviklar oss sjølv i møte med andre. Sosialisering går føre seg både heime, på skulen, med vener, i fritida og gjennom medium. I møter med andre utviklar vi identiteten vår, og dei vi møter er det vi kallar normsendarar. I møter med andre vil du også oppleve sanksjonar, anten retta mot deg eller andre. Positive sanksjonar kan vere eit anerkjennande blikk, smil eller skrøyt, mens negative sanksjonar kan vere blikking, å bli ledd av eller negative kommentarar.
- Korleis blir sjølvtilliten din påverka på ein positiv og negativ måte av dei rundt deg?
- Korleis kan oppførselen din påverke sjølvtilliten til andre?
- Nemn nokre døme på positive og negative sanksjonar du har fått frå andre elevar.
- Kva for typar sanksjonar trur du er viktigast for å gi klassekameratar god sjølvtillit, og kva for typar sanksjonar er mest øydeleggjande?