Oppgåve
Film
Sosialisering av ungdom
Kvifor kan ein hyle seg hås rundt bilen til Justin Bieber, men ikkje saman med mamma og pappa framfor TV? Dette er eit av spørsmåla som blir tekne opp i denne videoen om sosialisering i ungdomstida.
Sjå videoen og svar på oppgåvene under.
Film: Tore Meek / CC BY-NC-SA 4.0
Oppgåver
Lag ei topp tre-liste over dei viktigaste sosialiseringsarenaene i livet ditt akkurat no.
Hadde du andre arenaer for fem og ti år sidan?
Gi døme på noko som er greitt å gjere på éin arena, men absolutt ikkje greitt å gjere på ein annan.
Forskaren i videoen, Kristinn Hegna, seier at dei kulturelle interessene ein har når ein er ung, er med på å forme kven ein blir når ein blir vaksen. Er det nokon kulturelle interesser (til dømes fritidsinteresser, musikksmak, stil eller humor) som du har no, som du trur vil forme kven du blir som vaksen?
Er det noko i ungdomstida di som du trur du vil sjå tilbake på om ti år og skamme deg over eller synast er rart?