Oppgave
Vurder definisjonar av religion
De har no lært om ulike religionsdefinisjonar og kva krav som blir stilte for at ein definisjon skal vere god. No er det på tide å summere opp det de har lært.
- Hent fram dei definisjonane de lagde i første trinn i denne læringsstien. Er definisjonane funksjonalistiske eller substansielle?
- Vel ein definisjon. Diskuter om denne definisjonen passar på desse fenomena:
- buddhisme
- astrologi
- human-etikk
- nazisme
- beliebers
- Kven av desse fem fenomena meiner de bør kunne kallast religion?
- Søk etter informasjon om kva pastafarianisme er. Diskuter om pastafarianisme kan kallast ein religion.