Utforsk eit buddhisttempel 2 - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk eit buddhisttempel 2

Mange ulike sider ved buddhismen blir uttrykte i eit buddhisttempel. Her kan du øve deg på å finne slike uttrykk og kople det til det du allereie kan om buddhismen.

Vel eitt av punkta som du vil utforske nærare:

  1. gjenstandar eller symbol som kan knytast til buddhismen si lære om karma og atterføding
  2. gjenstandar, symbol eller visuelle uttrykk som illustrerer hendingar i Buddhas liv
  3. element i tempelet som skal gi oppleving gjennom ulike sansar (syn, høyrsel, lukt, berøring)

Leit rundt i 360-tempelet under og finn minst tre døme. Skriv 2–3 setningar på kvart døme der du forklarer kvifor dette er eit godt døme. Del gjerne det de har funne med klassen eller gruppa.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022