Oppgave
Religionar og religiøsitet
Korleis oppstod det fenomenet vi kallar religion, og korleis kan ein studere religionar og religiøsitet?
- Korleis og kvifor oppstod religion?
- Har religion alltid eksistert?
- Kan vi lære noko om korleis religionane oppstod, ved å undersøkje religiøsitet i for eksempel eit jegar-/sankarsamfunn i Amazonas?
- Det å undersøkje religion og det å undersøkje religiøsitet er to forskjellige ting. Kva går forskjellen ut på?
- Korleis vil de gå fram i dei to ulike tilfella?
- Bør vi slutte å bruke omgrep som «religion» og «verdsreligionar», eller er dette framleis nyttige omgrep?
- Kva er i tilfellet alternativet?