Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Utbreiinga til religionane

Alle dei store religionane i verda i dag kan sporast tilbake til to tradisjonar: éin som oppstod i Midtausten og éin som oppstod i India.

Omtrent 73 % av verdas befolkning tilhøyrer ein av dei fire største religionane, kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Kartet viser kva religionar som dominerer i ulike verdsdelar.

Religiøs TILHØYRSEL i verdA (2020)

Religion

Prosentdel

Tilhengarar

Kristendom

28,8 %

2,3 milliardar

Islam

25,6 %

2 milliardar

Ingen religion

24,2%

1,9 milliardar

Hinduisme

14,9 %

1,2 milliardar

Buddhisme

4,1 %

323 millionar

Jødedom

0,2 %

16 millionar

Andre

2,2 %

174 millionar

(Hackett et al., 2025, s. 181)

Mange er ateistar og agnostikarar

Omtrent 16 % oppgir at dei ikkje tilhøyrer nokon religion. Blant desse finn vi ateistar, dei som meiner Gud eller gudar ikkje eksisterer, og agnostikarar, dei som ikkje har teke stilling til eller meiner det ikkje er mogleg å vite noko om Gud finst eller ikkje. Men i denne gruppa finst det òg personar med gudstru som ikkje identifiserer seg med nokon bestemd religion.

Blant dei som oppgir at dei tilhøyrer ein religion, kan dette handle om ei kulturell tilknyting til religionen utan at det religiøse speler noka særleg stor rolle. Ifølge ei undersøking frå 2021 oppgav 36 % av dei spurde som var medlem av Den norske kyrkja, at dei ikkje trur på Gud (Høidahl & Rosness, 2023, s. 54).

I ei undersøking blant dei som reknar seg som muslimar i Albania i 2012, oppgav 21 % at dei ikkje trur på Allah og Muhammed som profeten hans (Lugo et al., 2012, s. 150). Sidan ein legg forskjellige ting i det å tilhøyre ein religion, er det vanskeleg å vite noko eksakt om dette. Det som er sikkert, er at dei som oppgir at dei tilhøyrer same religion, ikkje er noka einsarta gruppe.

Kristendommen og islam dominerer

Dei to største religionane, kristendommen og islam, er òg dei to yngste av dei vi gjerne kallar verdsreligionar. Dette er monoteistiske universalreligionar med sterke skriftlege tradisjonar. Viss ein religion skal vekse, er det sjølvsagt ein fordel at han er ein universalreligion, det vil seie at han hevdar å vere for alle.

Religiøs makt og verdsleg makt

Suksessen til desse religionane er òg basert på at dei har fungert som støtte for politiske leiarar gjennom historia. Trua på éin gud lèt seg lett overføre til trua på éin keisar, konge eller kalif som herskar på jorda på vegner av Gud eller med Gud si velsigning. Skrifttradisjonen har òg gitt autoritetane kontroll over religionen og eit slags monopol på sanninga i ei tid der få kunne lese.

I Europa blei kyrkja etter kvart ein eigen mektig organisasjon ved sida av staten, men då hadde allereie kristendommen festa stillinga si i verdsdelen. Gjennom handel, kolonisering, erobring og misjonering heldt han fram med å spreie seg til andre verdsdelar.

Islam har òg spreidd seg gjennom handel, misjonering og erobring. Religionen veks framleis kraftig i dag i forhold til andre religionar. Ein grunn til dette er stor folkevekst i muslimske land. Rundt 2050 kan det vere like mange muslimar som kristne i verda (Pew Research Center, 2022).

Kristendommen er dominerande i Europa og landa som har vore under europeisk kolonistyre: Nord- og Sør-Amerika, Afrika sør for Sahara og Oseania. Islam dominerer i områda som har lege under muslimske imperium over lengre tid, i hovudsaka i Midtausten og Nord-Afrika. Utanfor dette området er Indonesia det viktigaste muslimske landet. Dessutan er rundt 15 % av befolkninga i India muslimar (Hackett et al., 2025, s. 188).

Hinduismen og jødedommen

Dei eldste av dei større religionane, hinduismen og jødedommen, er ikkje misjonerande universalreligionar og har derfor i liten grad spreidd seg utanom høvesvis det jødiske folket og India. 95 % av verdas hinduar bur i India (Hackett et al., 2025, s. 66). Når hinduismen likevel er såpass stor, kjem det først og fremst av stor folkevekst i India.

Jødiske samfunn finst mange stader i verda, spesielt i Europa og Nord-Amerika. Etter at staten Israel blei oppretta i 1948, har mange jødar flytta dit, og i dag bur nesten halvparten av verdas jødar i Israel.

Buddhismen

Buddhismen er ein universalreligion som har spreidd seg i store delar av Søraust-Asia. Omtrent halvparten av verdas buddhistar bur i Kina. Kinesisk buddhisme fekk ein alvorleg knekk etter kulturrevolusjonen i 1966. Då blei all religion forbode i ti år. Buddhismen har no vakse fram att i Kina, men styresmaktene har framleis streng kontroll over religiøsiteten til folk.

Viktige omgrep

  • ateist
  • agnostikar

  • misjon

  • universalreligion

Kjelder

Lugo, L., Cooperman, A., Bell, J., O'Connell, E. & Stencel, S. (2012). The World’s Muslims: Unity and Diversity. Pew Research Center. https://www.pewresearch.org/religion/2012/08/09/the-worlds-muslims-unity-and-diversity-executive-summary/

Hackett, C., Stonawski, M., Tong, Y., Kramer, S., Shi, A. & Fahmy, D. (2025). How the Global Religious Landscape Changed From 2010 to 2020. Pew Research Center. https://doi.org/10.58094/fj71-ny11

Høidal, H. & Rosness, M. (2023). Medlemsundersøkelse for Den norske kirke. Opinion AS. https://www.kirken.no/nb-NO/om-kirken/bakgrunn/kirkestatistikk/medlemsundersokelse/

Pew Research Center. (2022, 21. desember). Key Findings From the Global Religious Futures Project. Pew Research Center. Henta 8. januar 2026 frå https://www.pewresearch.org/religion/2022/12/21/key-findings-from-the-global-religious-futures-project/

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 08.01.2026