Religion, politikk og historiske endringsprosessar - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Religion, politikk og historiske endringsprosessar

Statar har ulike måtar å ta omsyn til religion på. Religiøse leiarar og organisasjonar har i mange tilfelle fungert både som støttespelarar og motstandarar til myndigheitene. Slike forhold kan påverke politiske avgjerder og forme historiske endringsprosessar.

Politiske avgjerder er med på å forme historia. I religionsfaget ser vi på korleis religion og livssyn kan påverke politikken. For å forstå religionar sin plass i politiske avgjerder må vi òg sjå på korleis statar tek omsyn til religion.

Stat og religion

Statar kan ta omsyn til religion på ulike måtar. Desse fem modellane viser ulike måtar å styre forholdet mellom religion og stat:

Den ateistiske statsmodellen

Religion blir sett på som farleg og som noko som bør motarbeidast. Døme: I tidlegare Sovjetunionen og andre kommunistiske statar blei kyrkjer stengde og prestar forfølgde. Vi ser noko av den same politikken mot religiøse grupper i dagens Kina.

Separasjonsmodellen

Idealet er å ikkje ta stilling til religion. Det skal vere eit tydeleg skilje mellom stat og religion. Både Frankrike og USA har dette som ideal. I Frankrike blir det kalla laïcité, og der har vi til tider sett omstridde lovforslag om å forby synlege religiøse kjenneteikn i offentlegheita.

Pluralismemodellen

Denne liknar separasjonsmodellen. Her ser vi eit prinsipielt skilje mellom religion og stat, samtidig som det blir sett bort frå at ei trusretning skal få rettslege fordelar. Det blir ofte lagt til rette for dialog og samarbeid mellom stat og trussamfunn. Tyskland er eit døme. Fleire delstatar samarbeider med den katolske og protestantiske kyrkja om å gjennomføre religionsundervisning i skulen. (Undervisninga er ikkje nøytral som KRLE i Noreg.) Frivillig "kyrkjeskatt" blir betalt til dei store kyrkjesamfunna gjennom skattesetelen.

Establishments-modellen

Eit trussamfunn eller ei trusretning blir gitt ei særstilling, men alle blir sikra prinsipielt religions- og trusfridom. I England finn vi eit døme på dette med dronninga som både politisk og religiøst overhovud. Nordiske land har restar av dette systemet, sjølv om dei ikkje lenger har statskyrkjer.

Den konfesjonelle statsmodellen

Ein bestemt religiøs tradisjon blir lagd til grunn for politikken til staten på ulike område. Skiljet mellom det som blir rekna som ansvaret til staten og det som religionen har ansvar for, blir samanfallande. Døme: Iran og Saudi-Arabia har styresett som stemmer godt overeins med denne modellen, høvesvis sjia- og sunni-islam.

Dei fleste land har i praksis element frå fleire av modellane. Både den ateistiske og den konfesjonelle modellen strir mot menneskerettane slik dei er utforma i dag. Rettar blir i desse landa gjort avhengig av livssyn, og minoritetar manglar religionsfridom. Dei andre tre modellane opnar for at menneskerettane kan varetakast på ein god måte innanfor religionar og livssyn.

Tenk gjennom

  • Kva for ein av desse modellane tenkjer du at vi har i Noreg?

  • Kva for ein av modellane meiner du burde vere idealet? Er de einige i klassen?

Religionspolitiske dilemma i demokrati

I møtet mellom stat og religion er det mange omsyn å ta. Dei ulike modellane viser ulike måtar å ta omsyn til desse dilemmaa.

I demokratiske statar er det viktig å ta omsyn til dei demokratiske prinsippa og menneskerettane. Det skal til dømes takast omsyn til både majoritet og minoritet. Staten skal lage felles lover og verdiar som gjer at eit pluralistisk samfunn kan fungere, samtidig som det blir teke omsyn til fridommen til den enkelte. I Noreg og i Tyskland har vi til dømes fri på kristne heilagdagar. Religiøse minoritetar har i Noreg rett på to eigne fridagar for å vareta dei religiøse rettane deira. Det kan synast nøytralt, men det gjer det òg lettare for den religiøse majoriteten å praktisere religionen sin.

I eit demokrati skal også liberale prinsipp sikrast, men desse kan av og til komme i konflikt med kvarandre. Frankrikes forbod mot hijab i barneskulen er grunngitt med eit ønske om å unngå kjønnsdiskriminering, og at jenter skal tvingast til å bruke hovudplagget. Samtidig kan forbodet av delar av gruppene som blir ramma, bli oppfatta som diskriminering av rettane deira til å kle seg som dei sjølv vil. I Noreg har vi sett at kravet i samfunnet om likestilling kan bli sett opp mot organisasjonar sin trus- og livssynsfridom når det skal vurderast kven som skal få statsstøtte.

Å bruke religion politisk

Tenk etter eller diskuter

Kva døme kjem de på der religion har endra gangen i historia?

Gjennom historia ser vi at religion har vore brukt politisk på mange ulike måtar. Somme gonger har politikk blitt fremja basert på eit religiøst syn, andre gonger har religion eller enkeltreligionar blitt motgått. Religion har òg blitt brukt som motivasjon for politiske endringar.

Nasjonsbygging

Mange stader blir religion og nasjon knytte saman. Nasjonsbygginga i Noreg frå 1814 var til dømes knytt til kristendommen, som var den grunnlovfesta "offentlege religionen til staten" fram til 2012.

I Polen og i Irland har det å vere katolikk vore ein sentral identitetsmarkør. Den katolske kyrkja har sett sitt preg på til dømes abortlovgivinga i begge land.

Religion har òg blitt brukt av nasjonalistar for å styrkje den nasjonale identiteten og skape tydelege skilje. Dette har bidrege til auka ueinigheit, krig og "nye" grenser. Eit døme er tidlegare Jugoslavia, der Tito var den udiskutable kommunistiske leiaren gjennom 35 år. Då han døydde i 1980, kom ueinigheita mellom etniske grupper med ulike religionar til overflata. Jugoslavia blei etter kvart oppløyst, og det førte til at borgarkrigane på Balkan braut ut i 1991. Resultatet blei fleire sjølvstendige statar og protektorat delte etter etniske og religiøse skiljelinjer.

Det finst òg nasjonar som er bygde på å gå imot den religiøse identiteten til majoriteten, som då Atatürk blei den første presidenten i det då sekulære Tyrkia frå 1922–38.

Partipolitisk

Religion kan òg knytast til partipolitikk. I Noreg er Kristeleg Folkeparti det kristendemokratiske partiet. Konservative kristne i USA stemmer ofte republikansk, mens dei meir liberale kristne stemmer demokratisk. Konservative kristne fekk i stor grad æra eller skylda for at Donald Trump kom til makta i 2017. Han lova til dømes å setje inn konservative dommarar, noko han har levert på. Ungarns Viktor Orban har gått frå å vere uttalt ateist på 1980-talet til i dag å ha tette band til kyrkja. Dei to siste døma viser at når parti får store religiøse grupper på si side, kan det utgjere ein forskjell i val. Religion kan derfor vere viktig ved at parti eller sekulære leiarar formar delar av politikken ved hjelp av religiøse verdiar for å sanke stemmer.

Protestrørsler

Måla for mange protestrørsler er ofte sekulære, til dømes rettar for svarte eller homofile. Likevel kan religion vere ei viktig brikke i motstandskampen på grunn av den privilegerte posisjonen sin i samfunnet. Borgarrettsrørsla i USA frå 1960-talet, leia av mellom anna presten Martin Luther King, kjempa for rettane til dei svarte. I Sør-Amerika på 1970-talet sa frigjeringsteologien at kyrkja burde stå på dei fattige og undertrykte si side framfor å vere støtte for leiarane.

For protestrørsler er det viktig å få vidareformidla bodskapane dei har. Medlemmar av presteskap blir gjerne sett på som ærlege, reielege og diskrete. Prestar blei derfor brukte for å vidareformidle historiene til menneske som blei utsette for terror frå staten både i Brasil, Nicaragua og Argentina på 70-, 80- og 90-talet.

Forslag til fordjupingsoppgåve

Fordel døma i teksten over og finn ut meir om dei.

Kjelder

Bruce, S. (2003) Politics & religion, Polity.

Nordstokke, K. (2020). Frigjøringsteologi. I Store norske leksikon. https://snl.no/frigjøringsteologi

Plesner, I.T. (2016). Religionspolitikk. Universitetsforlaget, 3. opplag.

The Conversation. (2020). Garret M. & Gallaher, C. Viktor Orbán's use and misuse of religion blir serva as a warning to Western democracies. https://theconversation.com/viktor-orbans-use-and-misuse-of-religion-serves-as-a-warning-to-western-democracies-146277

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Hail Satan?

Med utgangpunkt i filmen "Hail Satan?" kan vi diskutere religionsdefinisjonar, religion, politikk, menneskerettar og mykje anna.

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022