Filmar og interaktive ressursar om jødedommen
Film: Jeg er jøde
I denne filmen (lengde 8:44) møter du tre jødar som fortel om forholdet sitt til jødedommen og den jødiske identiteten sin. Filmen blir brukt i oppgåva "Utforsk religiøs identitet".
Film: Jødedommens historie
Filmen under (lengde 6:47) gir eit kort samandrag av jødedommens historie. Filmen blir brukt i artikkelen "Jødedommen – opphav og utbreiing".
NB! Det har snike seg inn ein feil i filmen (5:57). Det stemmer ikkje at ingen av partane i området godtok FN sin delingsplan i 1947. Sionistane og David Ben Gurion godtok i utgangspunktet planen og valde å erklære Israel som eigen stat, sjølv om palestinarane ikkje gjekk med på planen.
Interaktiv synagoge
Her kan du utforske synagogen i Oslo. Ressursen bør opnast i fullskjerm-modus. Set gjerne på lyd. Ressursen er brukt i artikkelen "Jødedommen – estetiske uttrykk".
Film: Forholdet til Gud
I jødedommen er forholdet til Gud heilt sentralt. Kva tenker ein buddhist om Gud? I denne filmen snakkar Jael og Nhu saman om dette og andre store spørsmål, mens dei sit i ei lauvhytte under den jødiske lauvhyttefesten sukkot. Filmen blir brukt i oppgåva "Forholdet til Gud".
Video: Religiøst liv
Jødiske Jael er på besøk hos hinduen Yuhashinee for å snakke om religiøst liv, høgtider og ritual. I denne filmen (lengde 7:24) er dei med på feiringa av lysfesten divali. Filmen blir brukt i oppgåva "Høgtider og ritual".