Analyse av religion i populærkultur - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Analyse av religion i populærkultur

Her finn du nokre idéar til korleis du kan analysere religion i populærkultur.

Tips

Før du byrjar å analysere religion i populærkultur, kan det vere lurt å lese gjennom artikkelen "Religion og populærkultur – ei oversikt".

Synest du det er vanskeleg å finne døme, kan du bruke lista i artikkelen "Religion i populærkulturen – døme" som inspirasjon. Men det kan vere endå meir spennande å finne eigne døme innanfor sjangrar du sjølv liker.

Når du skal jobbe med dette emnet, er det mest sentrale

  • å kunne identifisere religion i populærkulturelle uttrykk og grunngi kvifor dei er innanfor definisjonen av religion/religiøsitet

  • å kunne forklare kva funksjon det religiøse innhaldet har i samanhengen du har funne det

For å finne gode svar her bør du sjekke idéane dine opp mot kjelder som kan stadfeste eller avkrefte dei. Kjeldene bør seie noko om bakgrunnen til dei som har laga det du skal analysere. Det kan òg vere å sjekke korleis religionar tek omsyn til uttrykka eller å lese seg opp på religiøse forteljingar og tradisjonar.

Viss du ønskjer meir hjelp, kan du sjå på analysehjelpa under.

Analyseskjema for religion i populærkultur

1. Religiøst innhald

Beskriv det du oppfattar som inspirert av religion:

  • Finn du nokon symbol, framsyningar, handlingar og/eller forteljingar som er kjende frå religiøse tradisjonar?

  • Blir det kommunisert om og med "hypotetiske overmenneskelege vesen"?

Er dette religion i populærkultur eller populærkultur som religion?

2. Avsendar og målgruppe

  • Er det ein religiøs aktør som står bak?

  • Er det ein kommersiell aktør?

  • Er dei religiøse elementa presenterte frå eit innanfrå- eller utanfråperspektiv?

  • Er det ei tydeleg målgruppe?

3. Reflekter over korleis religionen kjem til uttrykk

  • Opplever du bodskapen som forkynnande? I tilfelle – kvifor?

  • Opplever du bodskapen som religionskritisk? I tilfelle – kvifor?

  • Opplever du det religionsinspirerte innhaldet mest som eit forteljarteknisk grep? Kva effekt har det?

  • Har avsendaren noko å seie for korleis vi forstår bodskapen?

  • Kva meiner du målgruppa har å seie for korleis religion er brukt?

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021