Servering

Utval av serveringsstader
Utvalet av serveringsstader varierer frå stad til stad, og frå by til distrikt. Serveringsstader på små stader og ute i distrikta er ofte avhengige av høgsesongane og turistane som kjem då.
I byar og på større stader driv serveringsstadene heilårsdrift, sidan dei har ein meir stabil etterspurnad frå lokalbefolkninga. Her blir omsetning frå turistar i høgsesongen berre ein ekstra bonus.
Trendar i serveringsnæringa – vektlegging av berekraft
Kva er dei nye satsingsområda innanfor serveringsnæringa i dag? Berekraftsperspektivet har vorte viktigare. Dette har ført til eit større søkelys på kortreist og økologisk mat, i tillegg til tiltak for å førebygge svinn.
Restaurantar som attraksjonar
Serveringsbransjen vil gjerne levere meir enn sjølve maten, og mange serveringsstader blir ein del av attraksjonstilbodet på staden.
Denne filmen tek oss med til Bodø. (Eit tekstsamandrag av visuelle element er lagt til under.)
Restauranten Under i Lindesnes er eit døme på ein restaurant som har blitt eit attraksjonstilbod. Restauranten er den første undervassrestauranten i Europa, og den største i verda. Under serverer mat frå havet, og det er lange ventelister for å få bord. Maten er lokal og kortreist. I denne korte filmen får vi eit innblikk i noko av det særeigne ved restauranten. (Eit kort tekstsamandrag er tilgjengeleg lenger nede.)
Mathallar
Ein annan trend er mathallar, som gjerne er å finne i store byar. Her kan du kjøpe ulik mat og drikke i ulike matbuer, og ete på langbord saman med andre. Vippa er ein av fleire mathallar i Oslo.
Vippa er òg eit godt døme på korleis serveringsbransjen jobbar for berekraft, og Vippas visjon er "Frå jord til bord til jord igjen". Lær meir om dette i filmen under.
Berekraftige vegkroer
Tradisjonelle vegkroer siktar seg òg inn mot ein berekraftig profil, og NAF-magasinet Motor kåra heile tre vinnarar av Årets vegmat i 2019. Vinnarane er vegkroer som "har ein klar tanke om kva dei ønsker å servere og kvifor", og som tilbyr sunn mat laga med lokale råvarer, langs vegen.
I 2019 vann Annis Spisested i Ringebu langs E6 i Gudbrandsdalen, Lokstallen ved fylkesveg 34 utanfor Brandbu og Anitas Sjømat langs E10 i Lofoten. Sunn mat held sjåførane vakne, meiner NAF.