Øv deg på servicerolla! - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv deg på servicerolla!

Når du jobbar med sal og reiseliv, vil du møte mange ulike menneske, i ulik alder, med ulike forventningar og behov. I denne oppgåva får du øvd på korleis du kan utøve servicerolla slik at du varetek kundar og gjestar best mogleg.

Oppgåve

  • Jobb i par eller i små grupper.

  • Vel ein av casane nedanfor, og noter forslag til korleis de kan handtere situasjonen som blir skildra.

  • Diskuter forslaga frå kvar enkelt gruppe i klassen. Finst det fleire gode måtar å handtere situasjonane på?

Case 1 – familie på fem på rafting ved Dagali

Liv og Per har teke med seg barna sine Emma (8 år), Peder (10 år) og Jens (14 år) på rafting. Vel framme på raftingssenteret har dei fått skifta til våtdrakter, og no er dei klare for opplæring med sikkerheitsinstruksjonar. Heile familien gler seg til å prøve rafting!

Du jobbar som raftingvert i Dagali Opplevelser, og det er du som skal ta deg av opplæringa med familien. Du ønskjer å gi dei ei best mogleg oppleving, for du veit at raftingssenteret er avhengig av gode tilbakemeldingar på Tripadvisor og i andre sosiale medium.

Idet du set i gang med sikkerheitsopplæringa, ser du at Peder byrjar å bli litt bleik, og at tårene renn. Han ser livredd ut!

Korleis vil du handtere denne situasjonen?

Case 2 – vennegjeng på hytte-til-hytte-tur

Du er vertskap på ei av hyttene til turistforeininga i fjellheimen, og veit at det skal komme ein vennegjeng på seks personar til hytta laurdag ettermiddag. Same dag har òg tre familiar med små barn bestilt både overnatting og middag.

Du ser for deg at det kan bli ei utfordring å få det stille i hytta til klokka 23, og tenkjer derfor at det kan vere lurt å ta ein liten prat med vennegjengen når dei kjem.

Du er òg litt bekymra for om dei små barna som skal vere der, kan komme til å forstyrre dei andre gjestane under middagen.

Korleis vil du handtere denne situasjonen slik at alle blir nøgde?

Case 3 – konflikt på leikeland

Du er dagleg leiar på dette leikelandet. Korleis vil du handtere situasjonen som har oppstått, slik at både gjestane og den tilsette føler seg varetekne?

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021