Er det behov for ideen?
Oppgåve
Del 1: Sjå filmen
Sjå filmen frå Innovasjon Norge nedanfor (lengde 01:37).
Film: Er det behov for min idé?
Del 2: utvikl ein forretningsidé
Jobb i grupper med å utvikle forretningsidear, og vel ut ein idé som de ved hjelp av ei marknadsundersøking vil finne ut av om det er behov for.
Det finst ulike øvingar som kan vere til hjelp for å kome på idear og få i gang prosessar for idéutvikling. Her er nokre døme på slike øvingar:
Relatert innhald
Brainstorming er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idear, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling.
Slumpord med berekraftsmåla til FN er ei øving der du får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking.
Del 3: gjennomfør ei marknadsundersøking
Utarbeid og gjennomfør ei marknadsundersøking. Følg fasane i ein tradisjonell undersøkingsprosess, og ta medvitne val i arbeidet med å utforme spørsmål til undersøkinga, samle inn data, analysere data og rapportere funn. Lykke til!