Oppgave
Det heilskaplege reiselivsproduktet
Innanfor reiselivet er det vanskeleg å finne døme på at ei bedrift leverer ei total reiseoppleving åleine. Når vi bruker omgrepet det heilskaplege reiselivsproduktet, viser det nettopp til samspelet mellom ulike leverandørar og ulike tenester.
- Gå inn på Noregs offisielle reiselivsportal VisitNorway.
- Kva for nokre serviceelement er det som utgjer det heilskaplege reiselivsproduktet?
- Vis korleis dei ulike serviceelementa er varetekne i menyinndelinga hos VisitNorway.
- Finn ein lokal eller regional reiselivsportal på heimstaden din. Vis korleis portalen er bygd opp, og i kor stor grad han tek omsyn til det heilskaplege reiselivsproduktet.