Bedriftas ansikt mot omverda - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bedriftas ansikt mot omverda

Førsteinntrykket er svært viktig. Korleis vi er kledde, og korleis vi representerer arbeidsplassen vår overfor kundar og gjester, har mykje å seie for omdømmet til bedrifta.

Uniforma representerer bedrifta

Når vi tek på oss ei uniform, tek vi samtidig på oss rolla som ansiktet til selskapet mot omverda. Då representerer vi bedrifta og arbeidsplassen vår.

Alle menneske blir prega av oppveksten sin, kulturen, familien og vennene. Ved å ta på oss uniform legg vi til sides det private og våre eigne personlege meiningar. Vi blir då sette på som ansiktet til firmaet mot omverda. Omdømmet til selskapet er viktig, kanskje noko av det viktigaste i kampen om gjestene.

Tenk etter

Kva faktorar kan vere med på å øydeleggje eit godt omdømme?

Førsteinntrykket til gjesten

Tenk deg at du kjem inn i ein hotellresepsjon og skal sjekke inn. Det står to damer ved resepsjonsdisken. Den eine er kledd i uniforma til hotellet, med nystroken skjorte. Ho har oppsett hår og er diskret sminka. Ho ser deg med det same og ønskjer deg smilande velkomen.

Dama som står ved sida av, jobbar også i resepsjonen, men går i private klede. Ho er kledd i ein utringa topp, har farga håret i ein rosa nyanse, har pirsing i ansiktet og store, tydelege tatoveringar nedover armane. Ho er for oppteken med mobiltelefonen sin til å registrere at du kjem inn.

Kven av desse damene representerer arbeidsplassen sin best?

Det er ikkje sikkert at dama med rosa hår er mindre hyggjeleg og hjelpsam enn dama i uniform. Ho er kanskje veldig god i fleire språk og dyktig i jobben sin. Men førsteinntrykket til gjesten blir dessverre feil. Dama med rosa hår blir ufrivillig sett i bås og vurdert ut frå utsjånaden sin. Ho vil no måtte bruke lengre tid på å vinne gjestens tillit. Førsteinntrykket gjesten fekk, kan gjere det vanskelegare å kommunisere.

Førsteinntrykket ditt av gjesten

Sjølv om ein gjest går kledd som punkar og har raud hanekam, vil ikkje det automatisk seie at han er husokkupant og går i protesttog mot omverda. Han er kanskje økonomistudent og speler fiolin på fritida.

Kvinner som ber muslimske hovudplagg, gjer kanskje dette fordi det er ein tradisjon, og fordi det er praktisk. Inntrykket vårt er ofte at muslimske kvinner er ei undertrykt gruppe som let mannen bestemme.

Tenk over

Det er heilt vanleg å gjere seg opp ei meining om folk ut frå klesstilen og utsjånaden deira. Vi gløymer ofte enkeltindividet og skjer alle over ein kam. Som vertskap må vi strekkje oss etter å sjå og møte kvart individ med respekt og ei positiv haldning!

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Bedrifta sitt ansikt mot publikum

Du er resepsjonist. Det kjem nye gjestar. Du veit at hotellet er overbooka, og at du må flytte dei til nabohotellet som har lågare standard.

Skrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019