Variantar av supper - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Variantar av supper

Supper blir laga på ulike måtar. Ei god suppe krev god fagkunnskap og sensoriske ferdigheiter. I denne oppgåva skal du lage fleire variantar av supper og vurdere smak.

Oppgåve 1. Variantar av blomkålsuppe

  1. Variant 1: Vask blomkålen, og del han i bitar. Kok han mør i 1 liter vatn. Hugs å ta med alt på blomkålen når du koker. Lag lys jamning av 30 g smør og 30 g sikta kveitemjøl, og spe inn blomkålkrafta. Smak til med litt fløyte, salt og pepar.

  2. Variant 2: Vask blomkålen, og del han i bitar. Ta med både stilk, bukettar og blad. Finkutt 1 sjalottlauk og 1 fedd kvitlauk. Steik blomkål, sjalottlauk og kvitlauk i litt olje i ein kasserolle til dei får litt farge. Tilset 4 dl kylling- eller grønsakskraft og 4 dl mjølk. Kok til blomkålen er mør, og køyr blandinga saman i blender eller med stavmiksar. Smak til med salt og pepar.

  3. Smak på begge variantane av blomkålsuppe. Kva for ei suppe smaker mest blomkål? Kva for ei suppe synest du smaker best, og kvifor?

Oppgåve 2. Variantar av tomatsuppe

  1. Variant 1: Kutt 1 sjalottlauk og 1 fedd kvitlauk, og steik dei i litt olje i ein kasserolle. Tilset 2 ss tomatpuré, og lat det surre litt. Ha deretter i 400 g hakka tomatar, 4 dl kylling- eller grønsakskraft og 1 ss brunt sukker, og lat det koke i 15 minutt. Køyr suppa saman i blender eller med stavmiksar. Smak til med salt, pepar og hakka basilikum.

  2. Variant 2: Kutt 1 sjalottlauk og 1 fedd kvitlauk. Smelt 15 g smør i ein kasserolle, og tilset sjalottlauk og kvitlauk. Tilset 15 g sikta kveitemjøl, rør rundt, og spe inn 5 dl kylling- eller grønsakskraft. Tilset deretter 400 g hakka tomatar. Lat dette koke i 15 minutt. Tilset 4 ss crème fraîche, og køyr suppa saman i blender eller med stavmiksar. Smak til med salt, pepar og basilikum.

  3. Smak på begge variantane av tomatsuppe. Kva for ei suppe smaker mest tomat? Kva for ei suppe synest du smaker best, og kvifor?

Skrive av Einar Martin Kåen.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2023