Lokale, norske og nordiske råvarer - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lokale, norske og nordiske råvarer

Kvar vi hentar råvarene frå, har betydning for både kvalitet og berekraft. I denne oppgåva skal du få jobbe med dette.

I denne oppgåva skal du setje deg inn i temaet norske og internasjonale råvarer. Du skal finne ut kva råvarer som blir laga/dyrka i Noreg, kva vi importerer, og når dei ulike råvarene har best kvalitet (er i sesong).

Oppgåve 1

  • Kva for nokre norske råvarer blir mest nytta på skulen din og hos samarbeidsbedriftene til skulen?

  • Kva typar frukt og grønsaker kan dyrkast i Noreg, og når er det sesong for dette?

  • Finn ut kva for nokre lokale råvarer som blir produserte i nærmiljøet ditt.

  • Kva for nokre importerte råvarer blir mest nytta på skulen din og hos samarbeidsbedriftene til skulen?

Svara skal presenterast i Word, PowerPoint eller liknande. Ta gjerne med bilete for å gjere presentasjonen spennande.

Oppgåve 2

  • Lag ein meny som baserer seg på norske og lokale råvarer. Menyen skal innehalde hovudråvare, tre grønsaksgarnityr, saus og mettingsgarnityr. Det skal òg vere drikkeforslag til menyen.

  • Lag ein meny som baserer seg på internasjonale og importerte råvarer. Menyen skal innehalde hovudråvare, tre grønsaksgarnityr, saus og mettingsgarnityr. Det skal òg vere drikkeforslag til menyen.

Oppgåve 3

Vel éin av menyane frå oppgåve 2. Læraren avgjer om du skal jobbe åleine eller i gruppe med andre.

  • Planlegg og gjennomfør produksjon av den valde menyen.

  • Dekk bord, skriv kuvertmeny, og server menyen til gruppa di eller til andre gjestar.

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021