Hopp til innhald
Fagartikkel

Komponere ein enkel rett

Når du skal komponere ein rett som harmonerer og gir ei god smaksoppleving, er det fleire ting du må tenkje på.

Ein rett som skal nyttast som hovudmåltid, består som regel av fire element:

  1. hovudråvare

  2. grønsaksgarnityr

  3. mettingsgarnityr

  4. saus

Hovudråvare

Først bestemmer du deg for kva hovudråvare du vil nytte. Er det kjøt, fisk, kylling eller noko anna? Her vil sesong, høve og økonomi vere avgjerande. Vel så ein tillagingsteknikk som passar godt til denne råvara.

Tilbehøyr

Etter at du har valt hovudråvare og tillagingsteknikk, må du bestemme deg for kva grønsaker, kva slags mettingsgarnityr og kva saus du vil ha.

Grønsaksgarnityr

Det er massevis av grønsaker og tillagingsmoglegheiter å velje mellom. Derfor er det lurt å tenkje på kva som passar saman med hovudråvara, og variere med både fargar og tillagingsteknikkar. Hugs at vi et med auga òg! Vel gjerne grønsaker som er i sesong, for då smaker dei best. Pass på at ikkje alle grønsakene blir laga på same måte. Varierer du tillaginga, vil det òg gi variert smak og konsistens. Viss du lagar ein puré eller krem, kan det vere smart å variere med ei steikt eller fritert grønsak i tillegg.

Mettingsgarnityr

Poteter, ris og pasta er dei mest nytta mettingsgarnityra. Dei kan anten serverast à part (ved sida av) eller leggjast opp på tallerkenen saman med resten. Også ved val av mettingsgarnityr er det viktig å tenkje konsistens og smak. Dessutan må det passe saman med dei andre ingrediensane på tallerkenen.

Saus

Ein god saus er ofte det som kjenneteiknar ein god rett. Som med mettingsgarnityr kan du servere sausen på tallerkenen eller à part. Ofte napperer ein retten med litt saus for at smaksbiletet skal bli betre, og for at retten skal sjå betre ut. Det er viktig å tenkje på at sausen må harmonere med dei andre ingrediensane på tallerkenen. Dette gjeld både smak og farge. Det kan til dømes hende at ein rett med mykje feitt må balanserast med ein syrleg saus.

Balanse og harmoni

I den ferdige retten må alle elementa passe godt saman og vere i balanse. Det må ikkje smake for salt, surt eller bittert. Også elementa på tallerkenen må vere i harmoni. Viss du lagar ein saus som er så sterk at du ikkje kjenner smaken av fisken, er jo heile vitsen med flott fersk fisk borte.

Kontrastar og konsistens

Kontrastar og ulike konsistensar trivst ofte saman og løfter smaksbiletet. Ein rett som til dømes berre består av blaute og mjuke konsistensar, vil gjerne bli oppfatta som kjedeleg og kvalmande. Viss du nyttar ulike konsistensar – til dømes kombinerer noko mjukt og glatt med noko sprøtt, eller noko kraftig med noko mildt og krema – vil desse konsistensane ofte løfte kvarandre, slik at heile retten smaker betre.

Kontrastar i smakar er gjerne òg med på å framheve kvarandre, til dømes søtt i kombinasjon med salt eller bittert.

Skrive av Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2021