Oppgåve
Film
Korleis lage ei best mogleg eggerøre?
Å lage eggerøre er i utgangspunktet ei enkel oppgåve, men å lage ei eggerøre med riktig konsistens og smak krev erfaring og kunnskap. Når du tilset salt, påverkar det ferdige resultatet.
Film: Eggerøre (lengde 3:04)
Film: Amendor AS / CC BY-SA 4.0
Del 1
Lag eggerøre som vist i filmen ovanfor.
Vurder konsistens og smak på eggerøra.
Del 2
Lag eggerøre på same måte som over, men vent med å tilsetje saltet til heilt på slutten av tillaginga.
Vurder konsistens og smak på eggerøra.
Vart det nokon skilnad i smak og konsistens på eggerøre 1 og 2? Kva for ei vart best, synest du?

Piska egg