Glutenfrie og glutenhaldige matvarer - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Glutenfrie og glutenhaldige matvarer

Her kan du lære meir om kva slags mat som er glutenfri, og kva for produkt du må vere særleg merksam på. Få også nokre tips til korleis du kan lage til glutenfrie rettar!

Matvarer som er naturleg frie for gluten

  • grønsaker, frukt og bær
  • poteter og potetmjøl
  • belgfrukter, til dømes bønner, linser og kikerter
  • ubehandla/reint kjøt, fisk og egg
  • mjølk og mjølkeprodukt, til dømes rømme, kesam og ost
  • olje, smør og margarin
  • kokos, nøtter og mandlar
  • gjær, kakao og bakepulver
  • reine sukkerprodukt, til dømes sukker, honning og lønnesirup
  • frø, til dømes solsikkefrø, sesamfrø, linfrø, valmuefrø og graskarkjernar

  • krydder (ublanda) og urter

  • korn og mjøl av kornsortar som glutenfri havre, ris, mais, bokkveite, hirse, teff, sorghum/durra, amarant og quinoa

  • andre mjøltypar som potetmjøl, soyamjøl, kikertmjøl, mandelmjøl, tapiokamjøl, johannesbrødkjernemjøl og sagogryn (laga av potetmjøl)

Matvarer som inneheld gluten

  • mjøl, gryn, kim, kli og korn av kveite, rug, bygg og dessutan alle variantar av desse kornsortane, som spelt, emmer, einkorn, triticale, durumkveite og kamut (egyptisk kveite)

  • vanleg havre

  • brød, flatbrød, kjeks, knekkebrød og kavring

  • bollar og kaker

  • pølsebrød, hamburgarbrød, pitabrød og lomper

  • pasta, nudlar, couscous og bulgur
  • kornblandingar og puffa kveite
  • vanlegvis alle jamna supper, sausar og stuingar

Produkt som vi bør vere særleg merksame på

  • sprøsteikt lauk (finst også som glutenfri)
  • panerte rettar med strøkavring, til dømes snitsel, fiskepinnar/‑grateng og kyllingnuggets

  • tilarbeidde og utspedde produkt av kjøtt og fisk, til dømes kjøttkaker, leverpostei, fiskebollar og krabbepinnar
  • ølgjær og øl (men det finst mange glutenfrie øltypar òg)
  • malt, maltekstrakt og maltsirup
  • soyasaus (det finst ein eigen type som er glutenfri) og worcestersaus
  • hydrolysert kveitegluten
  • semulegryn, mannagryn og kamut

  • miso med bygg (japansk smakstilsetjing)

  • cornflakes

  • snacks som fylt sjokolade, lakris og chilinøtter

Hugs

Les alltid ingredienslista dersom du er usikker på om vara inneheld gluten!

Tips til korleis du kan lage glutenfrie rettar

  • Jamning: Jamn supper og saus med maisenna, potetmjøl eller kikertmjøl i staden for kveitemjøl, eller lag klare supper.

  • Pasta og nudlar: Bruk glutenfri pasta, linsepasta, polenta, glutenfrie nudlar eller risnudlar.

  • Kjøtt- og fiskeprodukt: Lag kjøtt- og fiskeprodukt utan mjøl, eller med glutenfritt mjøl som til dømes potetmjøl.

  • Panering: Bruk til dømes glutenfritt paneringsmjøl, glutenfri cornflakes eller strøkavring av tørka mais.

  • Kaker: Dei fleste kaker kan du utan problem lage med glutenfritt mjøl, nøtter eller liknande.

Skrive av Unni Kulhuset Granheim og Hilde Marie Lundekvam Gravdal.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022