Fagstoff
Video
Energi- og næringstett kost
Energi- og næringstett kost blir saman med nøkkelrådskost rekna som ein av to standardkostar i institusjonar og heimetenesta. Han er basert på nøkkelrådskosten, men skal ha eit høgare energiinnhald, samtidig som porsjonen skal vere liten.
Video: Unni Kulhuset Granheim / CC BY-NC-SA 4.0
Kostregistrering, gjerne ved hjelp av Kostholdplanleggeren, kan vere eit godt hjelpemiddel for å sikre at pasientane (eller bebuarane) får i seg nok mat. Mellommåltid er ofte naudsynt for få dekt energibehovet deira.
Kven bør få denne kosten?
- personar som har dårleg ernæringsstatus, til dømes kreftpasientar
- personar med tyggje- og svelgjevanskar
- hjarte- og lungepasientar
- personar med funksjonshemming
- pasientar som har store sår, til dømes brannsår, og må ha ekstra tilskot av protein og energi
- dei som et for lite og ikkje klarer å halde oppe vekta
- personar som har langvarig sjukdom
- personar med akutte sjukdomstilstandar
- eldre
- demente
Energifordeling
Energi- og næringstett kost skal ha ein høgare feitt- og proteinprosent enn nøkkelrådskost. Proteininnhaldet bør vere 15–20 prosent, og feittinnhaldet bør liggje mellom 35 og 40 prosent. Størstedelen av feittauken bør kome frå umetta feitt. Karbohydratinnhaldet i denne kosten bør liggje på 40–50 prosent. Ved å redusere karbohydratnivået vil òg volumet på måltidet gå ned, og maten vil dermed få eit høgare innhald av næringsstoff. Vitamin og mineralstoff bør liggje på anbefalt mengd.

Dessertar og kaker smaker søtt og godt og er freistande for mange. Ein fordel er at dei ofte inneheld mykje energi. Dessert kan derfor gjerne inngå i den daglege kosten.