Fagstoff
Ord og uttrykk om kaffi
Kva kan du om kaffi? Her finn du ord og uttrykk om kaffi.

Kaffiomgrep og utstyr
- Arabica
- Det finst to hovudtypar kaffi som er viktige for verdshandelen: arabica og robusta. 98 prosent av den kaffien som blir importert til Noreg, er arabicakaffi.
- Avkalking
- Avkalking er sjeldan nødvendig i Noreg, sjølv om det står om det i alle brukstilvisingar til kaffitraktarar. Eit avkalkingsmiddel er ei syre som fjernar kalk. Bruk heller eit basisk reinsemiddel som løyser opp humus frå vatn og feittrestar frå kaffien.
- Crema
- Eit fint, jamt og gyllenbrunt skum cirka 2–4 mm på toppen av espressoen
- Cupping
- Kaffismaking
- Kaffifilter
- Blir brukt i kaffitraktar til å ha malen kaffi i
- Kaffigrut
- Det som ligg att i kaffifilteret eller på botnen i kjelen etter at kaffien er laga
- Kaffikjele
- Blir brukt til kokekaffi
- Kaffikanne
- Kanne til å ha kaffien i, kan vere av porselen eller stål
- Kaffikopp
- Alt frå små koppar til store beger: porselen, keramikk eller papp
- Kaffimål
- Måleskei, eitt stroke mål gir cirka 10 gram kaffi
- Koffeinfri kaffi
- Kaffi som ikkje inneheld koffein
- Kokekaffi
- Ein grovare malen kaffi som blir brukt når vi skal lage kokekaffi
- Nybrend kaffi
- Kaffibønner som kjem rett frå brennaren
- Nymalen kaffi
- Kaffibønner som akkurat er malne
- Presskanne
- Ofte kalla "Bodumkanne". Fungerer som ein "moderne" kokemetode.
- Reinsemiddel for kaffitraktarar
- Løyser opp restar av kaffivoks og humus inne i traktaren. Perfekt å reingjere serveringskanna med.
- Robusta
- Utgjer cirka 2 prosent av den kaffien som kjem til Noreg. Smaker vanlegvis bitrare enn arabica.
- Tamper
- Når du skal lage til ein kopp espresso, pakkar du kaffien jamt og kompakt i filterhaldaren. Til dette bruker vi eit lite "metallstempel", ein tamper.
- Vaska kaffi
- Kaffi som er behandla etter den våte metoden
Kaffidrikker frå kaffibaren
- Americano
- Ein enkel eller dobbel espresso som blir fylt opp med varmt vatn, eventuelt så mykje som gjesten ønskjer
- Lungo
- Tillagingstida er den same som for ein espresso, men kaffien blir malen grovare, og mengda blir dermed større.
- Espresso
- 30 ml kaffi laga på cirka 25 sekund "under trykk" i ein spesialmaskin. Espressoen får eit skum på toppen, kalla crema. Espresso betyr kaffi som er tillaga kjapt og under trykk. Blir servert i små koppar eller glas. Suveren base for diverse kaffidrikker med mjølk og smakssirupar.
- Doppio
- Dobbel espresso. To enkle espressoar som blir serverte i ein større kopp.
- Ristretto
- Tillagingstida er den same som for ein espresso, men kaffien blir malen finare, og mengda blir dermed mindre.
- Espresso con panna
- Espresso toppa med risten, tjuktflytande kremfløyte
- Espresso macchiato
- Espresso "flekka" med ein skvett mjølk eller mjølkeskum til pynt
- Cortado
- Enkel eller dobbel espresso med mjølk. Mjølkemengda skal vere tilsvarande kaffimengda.
- Café au lait
- Lait betyr mjølk på fransk. Café au lait er filterkaffi og varm mjølk i lik blanding.
- Caffè latte
- Latte betyr mjølk på italiensk. Opphavet til caffè latte er kaffi laga på mokkakanne med varm mjølk. Dei fleste kaffibarar lagar ein caffè latte av espresso og stima mjølk. Blir ofte servert i høge glas.
- Cappuccino
- Cappuccino består av espresso, 50/50 varm mjølk og mjølkeskum. Mjølka skal ikkje vere som stivpiska eggekvite, men fløyelsmjuk og tett utan store bobler.
- Caffè mocca
- Sjokoladesaus, espresso og stima mjølk
- Caffè correto
- Espresso med grappa, brandy eller likør