Fagstoff
Video
Mojito
Mojito er ein populær drink som stammar frå Cuba. Drinken har eit friskt og sommarleg preg med smak av lime og mynte. I denne filmen (lengde 2:50) viser bartenderen deg korleis du kan lage ein alkoholfri variant av den sommarlege drinken.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Oppskrift på alkoholfri mojito
Ingrediensar
4 skiver lime
2 ts brunt sukkar
3 cl sitronsaft
2 cl sukkerlake
ein liten neve mynte
knust is
sitronbrus
Slik gjer du
Ha limeskiver, brunt sukker og frisk mynte i eit stort rocksglas/longdrinkglas.
Bruk ein muddler til å klemme ut safta av limen og aroma frå mynten.
Hell knust is i glaset, fyll opp med sitronbrus og rør lett rundt.
Garner med litt frisk mynte, og server med eit sugerøyr.

Ein forfriskande alkoholfri mojito