Ikkje eit vondt ord om verken poteter, pasta eller ris, men det kan vere gøy å variere metningsgarnityret litt og tilføre retten andre smakar og konsistensar.
Couscous, bulgur, polenta, quinoa, byggryn og perlespelt er døme på ulike produkt av korn og frø som kan nyttast som alternativ til dei tradisjonelle metningsgarnityra.
Dei fleste korn- og frøtypane smaker ikkje så mykje i seg sjølv, og bør derfor tilførast smak. Det kan du gjere ved å koke dei i kraft, lauk og krydder, eller ved å tilsetje urter, krydder, grønsaker og dressingar etter kokinga.
Her er ei oversikt over nokre vanlege typar frø, korn og kornbaserte matvarer som kan brukast som metningsgarnityr.
Byggryn
Bygg er eit korn med lange tradisjonar i Noreg. Frå gammalt av nytta vi mykje bygg til flatbrød, graut og ølbrygging, men matvanane våre har endra seg. Vi dyrkar i dag mykje bygg i Noreg, men berre nokre få prosent av all byggproduksjonen blir nytta til mat. Resten blir til dyrefôr.
Byggryn kan nyttast som metningsgarnityr til kjøtt eller fisk, i salatar, i supper, som graut eller som eit alternativ til ris i risotto, paella og riskrem.
Perlespelt
Spelt er eit gammalt kornslag som er i nær slekt med kveite. Spelt kan malast til mjøl og nyttast i baking, men til middag nyttar vi det som blir kalla for perlespelt. Det vil seie at kjernane er polerte slik at alt skal er fjerna.
Bulgur
Bulgur stammar frå Midtausten og er kveitekjernar som er dampkokte, tørka og knuste. Bulgur finst i ulike knusingsgradar: Nokre er finkorna, og nokre er meir grovkorna.
Bulgur liknar på couscous, men inneheld ein større del av kornet – og dermed meir fiber og næring.
Couscous
Couscous kjenner vi frå det nordafrikanske kjøkkenet. Det er små forkokte gryn som blir laga av durumkveite. Gryna smaker lite i seg sjølve og bør derfor tilsetjast smak. Tilset gryna i kokande vatn eller kraft, og trekk kjelen av varmen. Då vil gryna trekke til seg all væska.
Quinoa
Quinoa er frø frå ein urteplante som stammar frå Andesfjella. Dei har ein nøtteaktig smak og finst i fleire fargar, men smaken er omtrent lik. Quinoa er veldig næringsrikt og har vorte veldig populært på grunn av den gode næringssamansetjinga.
Frøa bør skyljast før bruk. Då får du bort noko av bitterheita i skalet. Frøa er glutenfrie.
Polenta
Polenta er kjend frå Italia og blir laga av malne maiskjernar. Polentagryna kan lagast til og serverast på fleire måtar: Du kan koke dei saman med kraft og krydder til ein smakfull graut og servere polentaen slik, eller du kan koke gryna og deretter avkjøle polentaen. Etter avkjøling stivnar polentaen litt. Det gjer at han kan bakast, steikast eller grillast.