Pitahaya

Utsjånad og eigenskapar
Forma er oval, og fruktkjøtet er gråkvitt eller raudt med mange små, svarte kjernar som kan etast. Smaken er søt, fyldig og aromatisk. Skalet er nokså tjukt, mjukt og ruglete. Gul pitahaya vert hausta før han er heilt mogen, og går frå grøn til gulgrøn og til heilt gul etter kvart som han mognar.
Bruksområde
Vi deler pitahaya i to halvdelar i lengderetninga og et han deretter med skei frå skalet. Vi kan også kutta frukta i båtar eller skiver og eta ho naturell eller servera ho til dessert saman med is eller anna eksotisk frukt.
Næringsinnhald
Pitahaya har høgt innhald av vitamin C, som styrker immunsystemet og bidreg i danning av kollagen, som har noko å seie for den normale funksjonen til huda. Vitamin C bidreg i tillegg til å redusere trøyttleik og utmatting og aukar opptaket av jern frå andre matvarer.
Kvalitetskrav
Pitahaya skal vera fast og velforma utan teikn til uttørking. Han skal vera fri for sprekker eller mørke flekker. Pitahaya er ei hardfør frukt og har sjeldan nokon kvalitetsproblem.
Lagring
6–10 gradar. Pitahaya har ganske god haldbarheit.