Personleg verneutstyr - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Personleg verneutstyr

For å verne om ditt liv og di helse er det viktig at personleg verneutstyr alltid blir brukt når det ligg føre risiko for farlege påverknader.

Som skuleelev

Som elev får du stipend til å kjøpe personleg verneutstyr. Det blir då ditt ansvar å skaffe utstyret og å bruke det i ditt arbeid på skulen.

Arbeidsgivar sitt ansvar

Arbeidsgivar (verneombod) skal sørge for at personleg verneutstyr som blir brukt på arbeidsplassen, alltid gir eit fullt forsvarleg vern mot den aktuelle risikoen arbeidstakar er utsett for.

Arbeidsgivar skal elles særleg sjå til at personleg verneutstyr:

  • ikkje medfører auka risiko ved bruk og passar eller kan tilpassast arbeidstakar
  • er tilpassa dei aktuelle arbeidsforholda
  • er CE-merkt (ein dokumentasjon på at produktet oppfyller grunnleggande krav til tryggleik)

Arbeidsgivar skal før personleg verneutstyr blir teke i bruk:

  • informere arbeidstakar om kva farar det personlege verneutstyret vernar mot
  • sørge for at arbeidstakar får forståeleg informasjon og naudsynt opplæring i bruk av det personlege verneutstyret

Arbeidstakar sitt ansvar

Arbeidstakar skal sørge for at riktig verneutstyr alltid er på.

Risikovurdering

For alt arbeid som blir utført, skal arbeidsgivar vurdere om det ligg føre fare for arbeidstakarane sitt liv og helse.

Arbeidsgivar (verneombod) kan aldri tillate at det ikkje blir brukt verneutstyr så lenge det er ein risiko for skade. Dette gjeld sjølv om arbeidstakar har spesielle helsemessige forhold som gjer bruk av verneutstyr vanskeleg. I slike tilfelle skal moglege tilretteleggingstiltak vurderast.

Opplæring og informasjon

Riktig bruk og behandling av det personlege verneutstyret minskar faren for at verneeffekten av utstyret blir svekt, og dermed også skadar på liv og helse hos arbeidstakaren. Der det er naudsynt, bør arbeidsplassen vere merkt med skilting som oppgir bruk av verneutstyr.

Opplæring og informasjon bør også omfatte moglege forholdsreglar arbeidstakar skal ta dersom det personlege verneutstyret under bruk blir øydelagt eller får nedsett verneeffekt.

Brukarinformasjon frå produsenten skal vere lett tilgjengeleg for arbeidstakar.

Skrive av Haldor Hove. Rettshavar: Arbeidstilsynet
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020