Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Ostebord/osteanretning

Ein osteanretning kan du gjere genialt enkel – eller spennande avansert. Vi viser deg korleis du enkelt kan komponere ostefat eller ostebord, alt etter kor mange personar du skal syte for mat til. I innleiinga gir vi deg nokre tips før du går i gong med å komponere ein osteanretning.

Mengde

Vanlegvis går det meir av milde ostar enn av skarpe, så rekn alltid med mest av dei milde ostetypane. Ein tommelfingerregel når du skal rekne ost per person er:

  • 200 g til «ostekveld»
  • 150 g til snacks
  • 50 g til forrett
  • 75 g til dessert

Utval

Ein osteanretning bør ha ein representant frå kvar ostefamilie:

Blåmuggost
Gorgonzola, Royal Blue, Norzola, Normanna, Stilton
Kvitmuggost
Brie, Camembert, Chèvre, St. Marcellin
Kittmogna ost
Ridder, Port Salut, Munster, Saint-Albray
Ferskost/fløyteost
Snøfrisk, Kremost, Prèdou, Buko, Mascarpone, Ricotta
Faste og halvfaste ostar
Jarlsberg, Sveitser, Edamer

Temperering

Osten smakar best når han er rett temperert. Dei fleste ostar får fram den gode smaken og aromaen etter om lag 1 time i romtemperatur. Det er alltid lurt å skjere osten medan han er kald frå kjøl – tempererte ostar er mjuke og vanskelegare å skjere fine stykke av.

Oppdeling

For at osten skal sjå innbydande ut, er det viktig å bruke dei rette reiskapane til å skjere han med. Ein stor kniv er nødvendig for å dele opp store runde ostar, medan ein rifla tomatkniv eller ein rotkniv er hendige når osten skal skjerast i serveringsklare stykke. Ostehøvelen passar best til faste, kvite ostar.

Når ein skjer med kalde knivar, har ostane ein tendens til å henge fast. Set derfor knivane i varmt vatn undervegs. Då er det lettare å skjere fine stykke. Ver òg nøye med å byte knivar ofte fordi ulike ostetypar lett tek smak av kvarandre.

Presentasjon

Må ein nødvendigvis servere osten på fat? Sjølvsagt ikkje! Ofte kan det vere spennande å nytte originale anretningar på ostebordet. Flate steinar, rustikke trefjøler, spegelplater, aluminiumsfolie – det er mange alternativ.

Tilbehøyr

Brød
gjerne fleire typar, smaksette, grove og fine.
Kjeks
nøytrale, søte, salte og krydra.
Smør
godt smør til brødet.
Frukt
Søt og godt mogna frukt passar perfekt til ost – pærer, aprikosar, fersken og druer.
Nøtter
Salte og rista nøtter er godt tilbehøyr til ost.
Honning
Serverer ein ost som dessert er honning og salte nøtter eit godt følgje.

Grønsaker som reddikar, stangselleri, paprika osv. har lenge vore tradisjonelt tilbehøyr på osteanretningar. Ein kan sjølvsagt servere dette til ost. Hugs berre på at om du serverer vin til osten, kjem desse rå grønsakene til å overdøyve vinen.


Spekeskinke og ulike salamitypar servert med sølvløk og sylteagurk passar òg saman med einskilde typar ost.

Hugs!

  • Server ost temperert.
  • Berekn frå 75 til 200 g ost per porsjon, avhengig av kor stort måltidet skal vere.
  • Vel ost frå ulike ostefamiliar.
  • Ver kreativ når du vel tilbehøyr.
Rettshavar: Opplysningskontoret for meieriprodukter.
Sist oppdatert 29.04.2026