Norsk mattradisjon: Frukt, grønsaker og bær - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Norsk mattradisjon: Frukt, grønsaker og bær
Heilt frå tidleg i Noregs historie har det vore god tilgang på frukt, grønsaker og bær. Dette var i vill tilstand og ikkje fordi ein planta eller dreiv jordbruk. Ein åt av det som naturen gav.
Konservering
Etter kvart begynte jordbruket å utvikle seg, og ein lærte å plante vekstane for å hauste av dei. Dette gjorde det igjen mogeleg å konservere maten og å lagre han over lengre tid, og menneska vart etter kvart meir stadbundne enn tidlegare. Dei hausta eple, poteter, kålrot og andre grønsaker og lagra dei i kjellarar slik at dei heldt seg gjennom vinteren.
Rotgrønsaker var vanleg i dei lågare sjikta
I mellomalderen besto måltida for det meste av kornprodukt, og kål, neper, kvitlauk, lauk og gulrøter var vanleg i dei lågare sjikta i samfunnet. Gulrota som vi kjenner ho i dag, vart avla fram i Nederland på 1600-talet. Før den tid fanst det to typar gulrøter: ein raudlilla type som vart rekna for å vere den beste, og ein grøngul som var mindre velsett.
Utvalet auka med eksport og import
Når eksporten og importen kjem i gong i vikingtida og mellomalderen, får ein òg tilgang på fleire typar råvarer og eit mykje større mangfald. Det er hovudsakleg dei rike som då har denne tilgangen, fordi alt som vart importert, var kostbart. Sukker og honning var dyrt, og derfor brukte ein ofte frukt som søtingsmiddel i mange rettar. Dette kjem tydeleg fram dersom vi ser på oppskrifter frå den tida.
Frukt og bær
I Noreg har vi hatt lange tradisjonar for å sanke bær i naturen, og mange fekk etter kvart eigne frukttre og bærbuskar i hagen. For å få desse råvarene til å halde utover vinteren, vart dei gjerne safta, sylta eller hermetiserte.
Importen vart frigitt og forbruket av frukt auka
I dag er over 70 prosent av det vi et av frukt og grønt, importert frå andre land. Den store importen som gjorde dette tilgjengeleg for alle, kom ikkje i gong før på 1960-talet. Frå 1940 og fram til byrjinga av 1960-talet var det ikkje fri import av frukt og grønt. Den frukta vi et mest av i dag, er banan. Han vart første gong importert til landet i 1905. Appelsinen kom tidlegare, allereie på slutten av 1800-talet, men det tok lang tid før han vart allemannseige. Klementinen som vi kjenner som julefrukt nummer 1, kom ikkje før i 1963.
Då importen vart frigitt på 1960-talet, auka òg forbruket raskt, særleg av frukt og grønsaker som allereie hadde blitt importert tidlegare. Og ettersom forbruket auka, kom andre etter.
Presentasjon av tradisjonelle frukt- og bærdessertar
Her får du presentert eit utval av tradisjonelle dessertar baserte på frukt og bær. Desse dessertane var ofte enkle å lage og kunne lagast med ingrediensar som var lett tilgjengelege. I dag er det framleis vanleg å bruke frukt og bær i norske dessertar, og det finst mange spennande oppskrifter som kan utforskast. Det er to versjonar av presentasjonen, ein interaktiv og ein vanleg.
Presentasjon av tradisjonelle dessertar i Noreg (ikkje interaktiv)
Syltet/hermetisert frukt og bær
Før i tida, før fryseskap og kjøleskap, var det heilt nødvendig at husmora sylta, safta og hermetiserte. Når hausten var over og vinteren kom, var det ikkje friske frukter, grønsaker og bær å oppdrive. Å konservere vart dermed eit verdifullt bidrag til skaffe nok tilgang på vitamin og mineral i kosthaldet gjennom vinteren.
Nesten all slags frukt og bær eignar seg til sylting og safting. Det viktigaste er at du vel råvarer av god kvalitet og er nøye med å vere reinsleg og hygienisk. Hermetisering er effektivt, for då blir maten varma opp slik at bakteriar og sopp døyr. I tillegg til at ein tilset sukker eller syre for smak og haldbarheit, blir frukt, grønsaker og/eller bær lagde i tette behaldarar der nye bakteriar eller sopp ikkje kan komme til.
Kompott
Kompotten lagar ein ved å koke frukt og vatn til frukta blir nesten oppløyst. Dersom frukta sjølv ikkje inneheld nok stive, må ein tilsetje dette for at blandinga skal bli tjukkare. Konsistensen skal vere verken som syltetøy eller graut, men noko midt imellom.
I mange gamle tradisjonar er det mest vanleg å servere desserten med mjølk eller fløyte. Kompott kan lagast av til dømes plommer eller svisker.
Fruktsuppe/Dessertsuppe
Ofte blir ei søt suppe laga på bær eller frukt nytta som ein dessert eller som eit tilbehøyr til ein dessert. Anten i form av ein consommé, som er ei heilt klar suppe, eller ei suppe med bær og frukt i. Dette liknar litt på ein kompott, men er meir flytande og er ikkje jamna. Suppa blir som oftast laga ved at ein kokar bær og/eller frukt saman med vatn og sukker.
Døme på bærsuppe kan vere jordbærsuppe, rabarbrasuppe, bringebærsuppe og blåbærsuppe.
Tilslørte bondepiker
Tilslørte bondepiker er ein norsk, tradisjonell dessert. Denne desserten serverer ein ofte i glas. Mest vanleg er det å først leggje eplemos, deretter eit lag med kavring eller tørka brødsmular med sukker, og på toppen legg ein fløytekrem. Dette legg ein så i enda fleire lag. Som så mange andre tradisjonsdessertar finst òg denne i mange ulike variantar, somme meir luksuriøse enn andre.
Moltekrem
Moltekrem er ein dessert med lange tradisjonar. Dei fleste assosierer denne desserten med jul. Desserten lagar ein av piska fløyte som blir tilsett anten friske molter eller moltesyltetøy. Ettersom molter ofte er syrlege og kan vere bitre, nyttar ein ofte sukker og vanilje som smaksforsterkar.
Det er vanleg å servere moltekremen saman med krumkaker eller sandkaker.
Trollkrem
Tyttebær speler hovudrolla i denne desserten. Dei blir piska saman med eggekviter, sukker og vaniljesukker til ein luftig krem. Denne desserten er ein gammal klassiker som smaker både friskt og søtt. Blir gjerne servert med litt vaniljesaus eller vispa krem ved sida av.
Trollkrem kan òg lagast med andre typar bær.
Du har nådd slutten av presentasjonen av tradisjonelle dessertar i Noreg.